«Naturlig sødhed»

Korleis var Holbergs musikksmak?

Holbergstatuen på Vågsallmenningen i Bergen frå 1884.
Holbergstatuen på Vågsallmenningen i Bergen frå 1884.
Publisert

Det fanst knapt den ting Ludvig Holberg (1684–1754) ikkje interesserte seg for. Kring 20.000 trykte boksider etterlét han seg, der dei fleste sjangrar og tema er å finna. Musikken var eit sjølvsagt område ein lærd opplysningstidsmann som han tok føre seg, der spørsmål som dette blei diskutert: Kva skil god og dårleg smak i musikken? Kva for kvalitetar bør eit godt musikkstykke ha? Og, ikkje minst, kva verknad har musikken på oss?

Men Holberg var ikkje berre teoretikar. Han var òg ein ivrig musikant med blokkfløyte som hovudinstrument. Nokon profesjonell musikar i vår tids tyding var han vel knapt, sjølv om han tente gode pengar på å spela og å undervisa.

Utøvarverksemda var på sitt mest intense medan han studerte i Oxford mellom 1706 og 1708, skal me tru hans Første levnedsbrev (1728). Han er ikkje blyg når han hevdar at «jeg blev regnet for en af de dygtigste fløjtespillere i hele byen», som etter ei tid blei «indvalgt i et musikalsk selskab, som holder møde hver onsdag i Oxford og går under navnet The Musical clubb». For å sleppa inn i klubben måtte ein prøvespela, noko han greidde med glans.

«Efterhånden blev jeg betragtet som et af klubbens mest kompetente medlemmer.»

Less is more

Korleis skal me beskriva Holbergs smak? Musikken måtte ha ein «naturlig sødhed», meinte han, og moderne virtuoseri med frenetiske solistar tolte han ikkje. «Det er aldeles ingen stor kunst at komponere en vanskelig koncert», skriv han i epistlane, «thi mangen en kan ved en simpel menuet vise prøve på et rart geni og et naturligt talent». Det heile minner om slagordet til ein stor norsk daglegvarekjede: «Det enkle er ofte det beste.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement