Nattsong
Cecilie Anna viser seg å vere ein oppsikts-vekkjande god komponist, tekstforfattar og songar.
Pop
Cecilie Anna:
I’m Here
Cecilie Anna
Records
Dei siste dagane har eg gått rundt og nynna på «Close to Four», låten som kjem midtvegs på I’m Here, det fine, nye albumet frå Cecilie Anna Rønhovde. Eg har tenkt: Er det ikkje noko kjent med denne songen?
«Close to Four» kunne ha høyrt heime på ei av platene Neil Young laga tidleg på 1970-talet – låten kjennest litt som ein klassikar, som ein av desse slitesterke pianoballadane som berre brått kjem på radioen akkurat når han bør og skal, og som tilsynelatande har eksistert til evig tid.
Det vitnar om eit sikkert grep om handverket, og det finst fleire slike songar på I’m Here. Cecilie Anna – artistnamnet inviterer lyttaren til å vere på fornamn – viser seg rett og slett å vere ein oppsiktsvekkjande god komponist, tekstforfattar, og songar.
Elegant minimalistisk
Det dreier seg om eit album som held seg nedpå heile vegen til mål, det er dempa men likevel markant framført, og det er elegant minimalistisk i produksjonen, noko som ville ha vore eit vågestykke om ikkje materialet var så sterkt. Fleire gonger har tankane gått til Nightsong (1995), plata Sidsel Endresen laga saman med Bugge Wesseltoft, sikkert fordi røysta og pianoet står så sentralt på I’m Here.
Stortalent i ung alder
Eg er med andre ord glad for at eg tok I’m Here ut av innboksen, og gav meg i kast med å lytte, ei stormfull natt i eit mørkt hus på Sunnmøre, ein atmosfære som viste seg å vere svært passande. «Morning Star» lèt eit lydopptak av vestlandsvêr få sildre i bakgrunnen, og løftar den vesle melodien gjennom ein velplassert bruk av messingblåsarar. Litt som hos ein artist som David Sylvian tilfører grepet songen eit verdig alvor, noko vi kan takke Rebecca Almås (althorn), Åge Østrem (kornett og flygelhorn), og Torstein Overweg (eufonium) for. Andre nøkkelroller har Vidar Vedå (på kor) og produsent Gisle Østrem, både på Stord og i Abbey Road i London, der albumet vart mastra tidlegare i haust.
Songane på I’m Here har vorte til over ei årrekkje. Den vesle instrumentalen «Den grøne dagen» laga Cecilie Anna då ho var ti år gammal, og «Baby Doll» vart til då ho var sytten – vi snakkar om eit stortalent alt i ung alder. «The Smallest Bird» er fersk nok til å vere skriven til minne om Leonard Cohen, ein dristig, men rørande og usentimental gest, særleg når songen ber i seg utvinga, men likevel tydelege ekko frå låtkunsten til Cohen sjølv. Cecilie Anna har skrive «Morning Star» og «Old Love» ut frå eit ønske om at Dag og Tid-favorittane Bill Callahan og Joe Henry skulle ville framføre dei, og det er ikkje så vilt som det kan høyrest ut. Ambisjonsnivået er høgt. Resultatet er framifrå.
Ei «sakte-plate» – slik omtalar Cecilie Anna sjølv I’m Here, som er dedikert til far hennar, Hjalmar Rønhovde, ein mann som var glad i musikk og sjølv spela trompet. Eg håpar albumet når mange lyttarar – og at vi har meir i vente etter kvart.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.