Når våren kjem til Nordnes

Utakk lagar bergens-rock med skråblikk.

Den ferske plata til Utakk har noko mildt og forsonande over seg, skriv Øyvind Vågnes.
Den ferske plata til Utakk har noko mildt og forsonande over seg, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Er det noko min forfrosne heimby Bergen treng no, så er det vel eit vårteikn – og eg er ikkje i tvil om kva som er favoritten min i så måte. Det er å rusle over brusteinen i det forsiktige sollyset og høyre ein song strøyme ut av ei open glasrute, ein liten lydleg lekkasje frå eit liv nokon lever der inne.

Denne våren tillèt eg meg å håpe på at det er «Sanseinntrykk» eg høyrer når eg tek den første turen til Nordnesparken, der studentane etter kvart spreier seg utover graset med grillar og ølboksar. Songen er å finne på Et lite horn i siden, det fine, nye albumet frå bergensbandet Utakk.

«Sanseinntrykk» bør bli ein klassisk bergenslåt, med sin spasertur gjennom Nygårdsgaten, men for all del, den gitardrivne, slakke balladen er universell nok til å passe deg uansett kvar du er.

Bergensrock

Låtskrivar og bandfrontmann Øystein Sundland har nemleg auge for dei store linene, og han er ikkje redd for dei grunnleggande spørsmåla i livet. Når ein rusletur tek ein forbi ein gamleheim, kan ein fort kjenne seg kalla til å leve i noet, men samstundes sjå føre seg ei tid i livet då ikkje alt vert like enkelt.

I møtet med denne kompliserte kjensla kan ein takke for alle sanseinntrykk – «Eg slår meg til ro med de eg fikk, ikkje de eg kommer til å få», syng Sundland: «Det virker ikkje som det fins grenser for kor kjipt en kan ha det og vice versa.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement