Når tida er inne
Omholts spel er presist og detaljert, men samstundes frisk og lett.
Debutalbumet til Per Åsmund Omholt inneheld slåttar etter Truls Ørpen.
Foto: Margit Rønning Omholt
Folkemusikk
Per Åsmund Omholt:
Vera ungkar og gå fri. Slåttar etter Truls Ørpen
Heilo
Hardingfelespelaren Truls Ørpen (1880–1958) frå Krøsherad vil for mange folkemusikkinteresserte vera mest kjend som ein av redaktørane av det såkalla Hardingfeleverket – ein gedigen publikasjon av noteoppskrifter av hardingfeleslåttar som han starta saman med Arne Bjørndal og Eivind Groven. Til liks med Bjørndal og Groven var Ørpen ein framifrå felespelar som hadde vakse opp med folkemusikken, men dessutan tileigna seg notekunnskap på eit høgt nivå. Slik sett representer desse tre eit overgangsfenomen mellom den gamle «munnlege» tradisjonen og den meir akademisk tilnærma folkemusikkfortolkinga.
I folkemusikkmiljøa har det vore eit teikn på kredibilitet å ha tileigna seg spelekunna gjennom direkte tradering, som vil seia personleg samvær med eldre kjelder, helst i eit lærar–elev-forhold. Å læra etter noteoppskrifter og lydopptak er rekna som ein akseptabel, men mindre gloriøs metode.
Per Åsmund Omholt har brukt store deler av livet på å arbeida med slåttane etter Ørpen, men har aldri møtt opphavsmannen, som døydde før Omholt var fødd. Han har gått den lange vegen fram til denne utgjevinga, frå «nyfrelst», slik han sjølv omtalar seg sjølv som fersk hardingfelespelar, til utøvande, via akademiske studiar, store delar av dette med utgangspunkt i Ørpens noteoppskrifter og lydfestingar, og mange år som tilsett ved folkemusikkstudiet på Rauland som i dag er ein del av Universitetet i Søraust-Noreg. I motsetnad til mange unge folkemusikkutøvarar, som gjerne gjev ut plater før dei er mogne for oppgåva, har Omholt brukt lang tid, både som forskar, lærar og utøvar.
Det gledelege er at det viser seg at det ikkje treng vera noka ulempe å bruka god tid. Spelet er presist og detaljert, men samstundes frisk og lett. Denne plata bør vera til stor inspirasjon for alle som vil bruka god tid på å tileigna seg det som trengst for å spela bra.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.