Mykjeseiande motrøyster
Christian Kjos gjev oss ein idé om korleis Händel kan ha akkompagnert i sine eigne generalbasskantatar.

«Ein saksar, som er ein framifrå cembalist og komponist, er komen til byen og synte i dag dugleiken sin på orgelet i San Giovanni, til allmenn åtgaum.» Dette noterte ein romersk kronikør seg på nyåret 1707 etter å ha høyrt den unge Georg Friedrich Händel frå Sachsen improvisera i Laterankyrkja. Frå då av kappast den romerske adelen om å vinna han for seg. Händel blei det ein i dag kallar artist-in-residence ved adelspalassa i byen, der han budde godt, åt endå betre (skyhøge matrekningar er bevarte) og fekk frie tyglar til å utvikla seg som komponist.
Ein viktig musikalsk sjanger som Händel komponerte flittig innan på denne tida, var den verdslege kantaten. Slike handla vanlegvis om kjærleiksdrama i det mytologiske landskapet Arkadia og kunne ha svært ulik besetning: alt frå stort orkester og fleire solistar, til stykke for høvesvis éin cembalo og songar.
Stort spelerom
Det er den sistnemnde besetninga cembalisten Christian Kjos utforskar på si plate med Händels «generalbasskantatar», der han vekselvis akkompagnerer sopranen Ditte Marie Bræin og mezzosopranen Marianne Beate Kielland – begge er ypparlege barokksongarar.
Kjos har forska på korleis ein akkompagnerer i desse kantatane, som, i den rette tydinga av ordet, gjev stort spelerom for cembalisten. Bass-stemmene er nemleg berre noterte som éi enkel bassline med besifring til; det er dette ein kallar basso continuo eller generalbass. Akkompagnementet kan enten improviserast enkelt, ved å spela ukunstla akkordar med høgrehanda, eller det kan gjerast meir komplisert, ved å leggja inn kunstferdige motstemmer (kontrapunkt) til songstemma.
God sving
Det er den sistnemnde varianten Kjos her briljerer med. Ta til dømes arien «Verrà, sì, verrà chi adoro» frå Nice, che fa? Che pensa?, HWV 138, som sopranen Bræin syng med diskret, slank røyst. Satsen i frisk tredelt takt svingar herleg, og den improviserte motstemma er så velgjord at ein kan bli lurt til å tru at Händel sjølv har komponert henne.
Formalt består desse kantatane av regelbundne vekslingar mellom resitativ (fri talesong) og ariar. Reine instrumentalsatsar, som kantatar med større besetning gjerne opnar med, finst ikkje. Difor høver det godt at Kjos har lagt inn preludium frå Händels klavermusikk. Særleg passande er det brusande preludiet i a-moll (frå HWV 576) som gjev eit levande bilete av korleis cembalisten Händel sjølv kan ha improvisert.