Musikkens hovudstad
Trippelalbumet Voyage à Venise gjev oss musikk frå tida då sola stod i senit for Venezia som musikkmetropol.
CD
G. Gabrieli, A. Vivaldi, U. Rom, A. Marcello, G. Porta, C. Tessarini:
Voyage à Venise
Akademie für Alte Musik Berlin (CD 1); Gli Incogniti (CD 2); Concerto Palatino (CD 3).
Harmonia Mundi 2019
Italia blir gjerne omtala som musikkens heimland, i alle høve når det gjeld seinrenessansen og barokken, for det var her verkformer som kantate, sonate og konsert såg dagens lys. Og om Italia er heimlandet, er Venezia den musikalske hovudstaden: I lagunerepublikken ved Adriahavet blei notetrykkarkunsten oppfunnen og dei fyrste offentlege operahusa opna, og hit blei musikarar frå heile Europa sende for å utdanna seg.
Den venetianske musikken me blir presenterte for på det nye trippelalbumet Voyage à Venise, gjev eit representativt bilete av det musikalske mangfaldet i byen frå slutten av 1500-talet til midten av 1700-talet. På denne tida gjekk sola sakte, men sikkert ned for Venezia som politisk og økonomisk stormakt, men som musikalsk stormakt stod sola i senit.
Ingen av albuma i denne CD-boksen er nye. Han er ei samansetjing av tre eldre CD-ar som ein får til prisen av éin. Lat oss byrja kronologisk med den tredje CD-en, som har den eldste musikken.
Fleirkorteknikk
Det er musikk av Giovanni Gabrieli (ca. 1550–1612), den største meisteren i den venetianske seinrenessansen, det ypparlege ensemblet Concerto Palatino spelar på CD-en Sonate e Canzoni «per concentar con «l’organo» (1999). Som organist i Markuskyrkja kledde Gabrieli den mest prestisjefulle musikarstillinga i byen, der han komponerte stykke i stilen ein kallar «den venetianske fleirkorteknikken». Stilen var tett knytt til arkitekturen i Markuskyrkja: Balkongane til høgre og venstre framme i kyrkja hadde kvart sitt orgel, og kring desse blei høvesvis éi gruppe instrumentalistar og songarar oppstilte, som musiserte mot den andre gruppa, slik at ein slags stereoverknad oppstod.
Gabrieli perfeksjonerte denne teknikken, òg i form av rein instrumentalmusikk for to orgel med kvar sitt orkester. Orgla i Markuskyrkja må ha vore fenomenale, og særleg i samklang med blåseinstrument – den engelske dagbokforfattaren John Evelyn skreiv på 1600-talet at denne kombinasjonen «gav liv til orgla». Diverre eksisterer ikkje dei to originale orgla i Markuskyrkja lenger. Men det gjer dei i San Petronio-kyrkja i Bologna, som Concerto Palatino her nyttar. Desse vakre instrumenta frå 1400-talet, som er mellom dei eldste i Italia, har ein tone klår som sylv, med kvasse overtonar. Heilt spesiell er klangkombinasjon som oppstår når dei virtuose messingblåsarane kjem til.
Ellevill Vivaldi
Den venetianske fleirkorteknikken blei grunnlaget for forma italienarane kallar concerto, «konsert», der eitt eller fleire soloinstrument spelar i dialog med orkesteret. På CD nummer to i boksen, Teatro alla moda (2015), som i heilskap er vigd venetianaren Antonio Vivaldi (1678–1741), får me ni slike solokonsertar for fiolin og orkester. Her briljerer ensemblet Gli Incogniti under leiing av solofiolinisten Amandine Beyer med uvanleg fleksibilitet i klang og uttrykk.
Er Beyer den beste barokkfiolinisten for tida? Eg er villig til å tru det, i alle høve teknisk, når eg høyrer henne i solokadensen (partiet mot slutten av satsen der solisten spelar åleine) i slutten av Vivaldis Fiolinkonsert i D-dur, RV 228. Med lynsnare akkordrørsler klatrar ho her så langt ned på gripebrettet (halsen på fela) med fingrane at det høyrest ut som lyden av ei hysterisk grashoppe – jamvel i dette høge registeret er intonasjonen og klangen presis.
Ukjende obokonsertar
CD nummer éin, Venice. The Golden Age, blei meld i denne spalta då han kom i 2016. Her spelar oboisten Xenia Löffler obokonsertar av venetianske 1700-talsmeistrar som i dag er gløymde. Med seg har ho Akademie für Alte Musik Berlin, som spelar framifrå. Likevel vantar det noko av den klanglege fleksibiliteten som ensemblet Gli Incogniti har. Löfflers obospel kunne derimot ikkje vore betre.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.