Musikk
Virtuos rytmisk kollaps
Elektronisk musikkpioner overgår seg sjølv på ny EP.
Shakespeare har – på internett – blitt kalla litteraturens svar på Aphex Twin, pseudonymet til den avantgardistiske elektroniske musikkpioneren Richard D. James, som vart fødd i Limerick i Irland i 1971, og som òg jobbar under namn som AFX, Polygon Window og user48736353001. Sistnemnde var éin av fire anonyme Soundcloud-konti som artisten posta 268 nye spor på i 2015. Den slags kreative PR-stunt har, i tillegg til det umiskjennelege musikalske handverket, blitt eit av James’ varemerke – denne gongen i form av obskure banner kamuflerte mot murveggen i London-metroen og i Los Angeles-buskas, i tillegg til ei kryptisk pressemelding som kollapsar på både litterært og typografisk vis.
Utgjevinga denne inkognito reklamekampanjen viste seg å marknadsføre, Collapse EP, kom ut førre fredag, og eg kan med glede melde at Aphex Twin er i storform. Hektiske, synkoperte rytmar med syngande basstrommer vrengjer seg inn i seg sjølv, solslegne ørkensynthar transformerer seg i korte augneblunkar til orientalske harper, og stemninga skiftar saumlaust frå melankolsk mørke til det nærast koselege, inn i eit komplett rytmisk samanbrot og tilbake att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.