Musikk

Vemodig vekkar

Yoko Ono syng gamle songar med utvitydig bodskap om att.

Publisert

Skal vi fortsetje å sjå på lik over middagen? Slik lyder eitt av spørsmåla Yoko Ono stiller på Warzone, eit flunkande nytt album der multikunstnaren syng gamle songar om att. Sjølv høyrde eg det først, med flymotordur i bakgrunnen, under ei reise over nokre av dei amerikanske sambandsstatane, og songen fortset slik: «People of America, please listen to your soul. We can change the times to a century of hope.» Bodskapen er utvitydig, og songen heiter «Now Or Never». Denne silkemjuke popballaden blei først utgjeven i 1973, og den Vietnamkrig-orienterte songen blei marknadsført som eit «vemodig vekkar til eit distrahert, slapt Amerika».

Fred og formaning

Humanistiske formaningar om fred og fordragelegheit er det som står på agendaen her: «Woman Power» er ein feministisk kampsong anno 1973 som diverre framleis kling sann, medan «Children Power» er hakket meir oppløftande. Den utopiske visjonen om mangfald og einskap vert følgd opp i «I Love All of Me» – det vil seie alle folkeslag, kroppsfasongar, lynne, kjønnsidentitetar og ikkje-destruktive livsstilsval. På «Why» vrælar Ono som ein forferda ulv om det som er gale i verda, og til slutt får vi like godt ein flunkande ny versjon av John Lennons «Imagine».

Stadig aktuell

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement