Musikk

Velstrukturert og effektfullt

Mezzosopranen Marianne E. Andersen er ein framifrå tolkar av Morten Gaathaugs songverk.

CD

Morten Gaathaug:

Landskap i måneskinn

Marianne E. Andersen, mezzosopran; Tore Dingstad, klaver; m.fl. LAWO 2018

Komponisten Morten Gaathaug (fødd 1955) frå Sande i Vestfold kjenner eg fyrst og fremst som fugleinteressert. Av dei fleire fine fuglestykka frå hans fjør likar eg spesielt Fugler i min natt, som for nokre år sidan kom i ei god innspeling med blokkfløytisten Caroline Eidsten Dahl. Men Gaathaug interesserer seg ikkje berre for fuglar. I verka på den nye plata Landskap i måneskinn har han blitt inspirert av dei litterære straumdraga kring førre hundreårsskiftet og tonesett dikt og prosa av modernistar som Ragnhild Jølsen (1875–1908), Sigbjørn Obstfelder (1866–1900) og austerrikaren Rainer Maria Rilke (1875–1926).

Drivande bassfigurar

Syklusen for song og klaver som har gjeve albumet namn, Landskap i måneskinn, syv sanger til tekster av Ragnhild Jølsen, op. 97, syner Gaathaugs økonomiske, tydeleg strukturerte og effektfulle komposisjonsmåte. Eg tenkjer her særleg på songen «St. Hans-kveld», som blir driven fram av repeterande bassfigurar i klaveret, ikkje ulikt slik den romantiske liedmeisteren Franz Schubert ofte gjer det. Den naturlege forminga av songmelodien høver perfekt til Jølsens frodig-rytmiske tekst.

Kraftfull non-vibrato

Meir barokt er det rytmiske drivet i somme av songane i En Obstfelder-syklus, op. 104, til dømes i opningsstykket «Kan speilet tale». I tillegg til klaveret er det her med ein cello som tidvis dannar fine kontrapunkt til vokalstemma. Sistnemnde blir, som på resten av albumet, boren fram av mezzosopranen Marianne E. Andersen, som med si kraftfulle og klåre non-vibrato-røyst syner seg som ein framifrå tolkar av Gaathaugs songverk.