JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Vart og elegant gitarspel

Grant Green var ein stilskapar frå be-bop til acid jazz.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Grant Green (1935–1979) kom frå St. Louis og hadde bakgrunn i blues- og gospeltradisjonen.

3750
20170602

Tilrådd lytting

Solo:

Grants First Stand (Blue Note, 1961)

Idle Moments (Blue Note, 1963)

Matador (Blue Note, 1979)

Solid (Blue Note, 1979)

Talkin’ About (Blue Note, 1965)

Med andre:

Larry Young – Into Somethin’ (Blue Note, 1964)

Lee Morgan – Search For The New Land (Blue Note, 1964)

Tidleg på 1960-talet var Grant Green ein av dei store gitarstjernene i jazzen, med sine mange innspelingar for plateselskapet Blue Note og med ei omfattande konsertverksemd. I dag er han nok for dei fleste eit litt løynt namn, som kanskje har hamna i skuggen av meir kjende gitaristar som til dømes Wes Montgomery og George Benson frå same epoke.

Eg har lenge visst om Grant Green, omtrent likte lenge som eg har spelt gitar sjølv. Eg har hatt nokre opptak og høyrt små klipp her og der, men har ikkje før dei siste åra byrja å interessera meg for – og verkeleg gå i djupna på – denne særleg elegante musikken frå gullalderen til Blue Note.

Blues- og gospel

Grant Green (1935–1979) kom frå St. Louis og hadde bakgrunn frå blues- og gospeltradisjonen, men vart etter kvart mest inspirert av stilskaparane innan swing og be-bop, Charlie Christian og Charlie Parker. Seint på 1950-talet vart han oppdaga av saksofonisten Lou Donaldson, som introduserte han for platesjefen i Blue Note, Alfred Lion. Lion vart så imponert over gitaristen at han ganske snart gav han platekontrakt. I åra som følgde vart Green ein av dei mest aktive artistane for plateselskapet, både som soloartist og medmusikar på andres innspelingar.

Mot slutten av 1960-talet byrja Green å spela musikk meir i retning av soul og funk, og han gav ut album på andre selskap før han igjen gjekk attende til Blue Note, med det som ofte vert omtalt som forløparen for acid jazz – ei form for soul/funk/hiphop-liknande jazzmusikk som vart mykje spelt på 1990-talet. Fleire av desse innspelingane har i seinare tid vorte sampla og brukte på moderne albumklassikarar av mange kjende DJ-ar og hiphop- og R&B-artistar. Grant Green var aktiv og turnerte heilt fram til han døydde i 1979.

Nyansert gitarspel

Gitarspelet til Green verkar aldri masete, som kan vera tilfelle med ein god del gitaristar. Det er oftast rett på tonen, smått repeterande, med velvalde, syngjande frasar, og sjeldan bruk av noko utprega vibrato, oktavteknikk, bending eller meir enn éin note om gongen. Det siste poenget var Green særs medviten om, han var langt meir inspirert av blåsarar som Charlie Parker og Miles Davis enn av andre gitaristar eller pianistar, og ville ikkje kludra til spelet sitt med mykje akkordar, som metta ljodbiletet meir enn høgst naudsynt. Han hadde stort sett same gitarljod på dei fleste innspelingane, ein halvakustisk orkestergitar i forsterkar, litt fjørklang, mykje mellomtone og ein plekter- og speleteknikk der ein høyrer alle nyansar i kvart einaste anslag.

Formidable musikarar

Det vare spelet hans, med ein god del skeive bokstavar her og der, kjennest for meg ofte som om han balanserar ytst på ein kant når han spelar, og det er nett her spenninga i uttrykket ligg. For musikken var aldri spesielt utfordrande i stil og uttrykk elles. Det var stort sett ganske konservativ be-bop, swing, latin, balladar og funk, med heilt tradisjonelle rytmiske og tonale verkemiddel.

Den klassiske produksjonen med den legendariske lydteknikaren Rudy Van Gelder – kjend frå mange banebrytande innspelingar – bak spakane, og heilt formidable medmusikarar som til dømes Elvin Jones, Larry Young, Yusef Lateef og Joe Henderson, alle solistar med sine eigne milepålar i jazzhistoria, gjer heile den tidlege Blue Note-produksjonen hans til ein fryd å lytta til.

Stein Urheim

Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis