JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Vakker tankevekkjar

Tangerine Reef byd på flytande lydbilete og kunstig naturdokumentar i mellomsanseleg harmoni.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1776
20180824
1776
20180824

Pop

Animal Col-
lective:

Tangerine Reef

Domino Records

Det amerikanske bandet Animal Collective er ikkje så lett å setje i bås. Dei har halde det gåande sidan 2003, og mykje av musikken på dei til no elleve studioalbuma deira kan kallast eksperimentell pop. Rett som det er, kan ein kjenne att element som slektar på band som Beach Boys (om enn helst frå dei meir eksperimenterande fasane deira), Silver Apples og krautrock à la Can – og på førre album, Painting With, hadde dei med seg John Cale frå Velvet Underground. Dei leikar seg likeins frimodig med konvensjonar og ikkje-konvensjonar og lagar låtar med fri instrumentering og struktur som dessutan ofte er svært fengjande.

No har dei saman med kunst- og vitskapsduoen Coral Morphologic laga det audiovisuelle symbiosealbumet Tangerine Reef. Musikken lener definitivt mot den eksperimentelle sida og er meir abstrakt enn mykje av det vi tidlegare har høyrt frå Animal Collective. Her legg dei mindre vekt på melodiar som er lette å syngje og rytmar som er lette å danse til, enn på flytande lydbilete som rører seg i sanseleg harmoni med det som hender på skjermen.

Korallane som Coral Morphologic har dokumentert med makrolinser og timelapse-videoteknikkar, ser ut som dei kjem frå ei anna verd. I røynda er dei hypersensitive for endringar i temperaturen her på jorda – lite skal til før desse urgamle, fargesprakande «regnskogane» under vatnet døyr og berre bleike kalsiumstrukturar står att. Etter den rekordvarme sumaren er det tankevekkjande å oppleve denne synestetiske festen – og det kan du dertil gjere gratis på Youtube.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis