Musikk
Ut or skuggen
Den ukjende kongsbergensaren Halfdan Cleve var ein kontinentalt orientert komponist med røter i romantikken.

Han var den siste norske representanten for den store virtuostradisjonen frå romantikken, av sorten Beethoven, Chopin, Liszt og Grieg, slike som i personalunion var både komponistar og meisterpianistar: den temmeleg gløymde Halfdan Cleve, som fiolinist Tor Johan Bøen og ensemblet Fragaria Vesca no har reist eit lydleg monument over. Cleve-albumet Ballade Tragica, som er resultat av Bøens grannsame kunstnarlege forskingsarbeid, gjev oss kammermusikalske verdspremierar på CD – ein klaverkvintett, ein fiolinsonate og fire mindre stykke for fiolin og klaver.
Repertoaret speglar ein kontinentalt orientert tonekunstnar som i liten grad lét seg inspirera av den norske folkemusikken. Han løyner ikkje røtene sine i den europeiske romantikken, særleg den tyske. Det merkar me frå fyrste takt i opningssatsen «Allegro energico» til Klaverkvintett i Ess-dur, op. 9 (ferdig 1906). Dei vide melodiske bogane er som sjenerøse velkomstgestar, forma med godlyndt, mendelssohnsk patos. Om nokon hadde utsett meg for ein blindtest – aldri hadde eg gjetta at denne musikken var norsk.
Av musikalsk ætt
Men eg hadde nok tippa at musikken var eldre enn han er. Kven var denne mannen som heldt fast på sitt tradisjonsbundne, seinromantiske tonespråk til sin døyande dag i 1951?
Cleve, som kom til verda i Kongsberg i 1879, studerte i Kristiania og Berlin, og budde lenge i Tyskland før han slo seg ned i Kristiania for godt i 1909. Han ætta frå ein hollandsk musikarfamilie som kom til Noreg mot slutten av 1700-talet. Få norske komponistar kan syna til eit liknande musikalsk stamtre, som faktisk går attende til den musikkhistorisk viktige «flamske skulen» i renessansemusikken. Stamfaren var nemleg den hollandske komponisten Johannes de Cleve (ca. 1529–1582) frå Hertugdømmet Kleve, eit område ved Rhinen på høgd med Rotterdam, som i dag er delt mellom Tyskland og Nederland. Denne må ha hatt talent, for han blei tilsett som songar av den tysk-romerske keisar Ferdinand I, og Karl II, erkehertugen av Austerrike, gjorde han til hoffkomponist.
Vedunderbarn
Talent skorta det ikkje på for Halfdan Cleve heller. Som vedunderbarn debuterte han offentleg som åtteåring, og som tolvåring vikarierte han for far sin som organist i Kongsberg kyrkje. Mykje av musikken hans har dette lette og tiltalande som særmerkjer tilårskomne vedunderbarn, og jamvel dei største i samtida beit seg merke i kor greitt alt låg for han – til dømes komponisten Christian Sinding, som i 1905 skreiv til Cleve at «De er vistnok blandt de lykkelige, der har fåt det tekniske som en medfødt evne, og som simpelthen ikke lægger mærke til, at der fandtes vanskeligheder, der hvor andre knækker ryggen». Med liknande metaforar uttrykte òg Edvard Grieg seg då han i 1906 skreiv at Cleve «som klaverspiller er uden sidestykke i Norge, der slår han alle i hjel».
Grieg er elles ein komponist det er lite atterklang av i Cleves kammermusikk. Eit unntak er Sonate for fiolin og klaver i e-moll, op. 21, der hovudtemaet i fyrstesatsen «Moderato, quasi Andantino, Allegretto» slår an ein folkemusikalsk tone. Griegsk er her måten Cleve formar klaverakkompagnementet på, med kromatiske akkordar der basslina snor seg nedetter i halvtonetrinn.
Rangel inkludert
Både når det gjeld teknikk og tolking held Tor Johan Bøen og medmusikarane eit høgt nivå. God er òg Bøens tekst i omslagsheftet, som gjev oss grundige verkinnføringar. Her presenterer han nokre kostelege detaljar, til dømes i samband med den nemnde e-moll-fiolinsonaten, som blei tinga av komponisten, fiolinisten og dirigenten Johan Halvorsen i 1918: Som honorar etter urframføringa blei Cleve lova «kr. 500 med påfølgende rangel».