Musikk
Unike Bjørn Klakegg
Needlepoint byr på ein magical mystery tour med turoperatør frå Skien.
Hald på med ditt/ um du står/ eller går... Hauges ord er Klakeggs mantra. Klakegg komponerer, skriv tekstar, spelar og syng, og han hevar seg elegant, ja, nesten arrogant, over alt som heiter musikalske moteretningar. Han held på med sitt i same kvartetten som på førre plate, og han utviklar eit uttrykk som hentar sterk inspirasjon frå engelsk prog- og folkrock. Likevel er uttrykket høgst originalt og særs velkome i 2018.
Konseptalbum
Klakegg og Needlepoint lagar konseptalbum. Førre gong var det om Aimless Mary. No er det einstøingen og bonden Robert Reverie som blir portrettert. «Please do not come close/ Don’t even talk to me/ Don’t open the door/ I’m on the floor/ I’m Watching a fly/ whirling around in the lamp...», men han brukar også denne originalen til å formidla undring over paraden av skyer over himmelen og songen til svalene og grashoppene.
Heilstøypt
Komposisjonane til Klakegg er lett attkjennelege. Dei mollstemte melodilinjene er ofte pakka inn i groovande og mangefasetterte arrangement som til dømes «Robert Reverie» og «On the Floor». Mange små arrangementsdetaljar står tydeleg fram, men er samstundes ein organisk del av eit dynamisk uttrykk. Den fleirstemde songen er nett så tett og fint avstemd som tradisjonen krev. Klakegg har ikkje noka stor stemme, men ho er skreddarsydd for formålet. Det er ikkje mykje rom for improvisasjon i Needlepoints konsept, men David Wallumrød har eit kort og herleg innsmett på «All kinds og clouds».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.