Musikk
Uhøyrde ikkje-hits
Uneven Paths byr på jamt over god avvikarpop.
Det hollandske plateselskapet Music From Memory spesialiserer seg på å finne fram uutgjeven, oftast elektronisk og ambientprega musikk av undervurderte kultartistar frå notid og fortid. I tilfellet Uneven Paths har dei alliert seg med Raphaël Top-Secret, ein parisbasert DJ og såkalla «digger» – ein som iherdig grev gjennom nedstøva platebunkar og kassettesker etter bortgløymd musikalsk gull – og sett saman ei samling obskur, men merkeleg fengjande musikk med «ein fot i avantgarden og den andre godt planta i popen».
Høg kvalitet
Her får vi høyre eit vell av artistar og band som vanlegvis har operert innan sjangrar som jazz, punk og italowave, ta svippturar innom poplandskapet. Kvaliteten er jamt over høg, og sjølv når vokalprestasjonane stundom haltar, diksjonen slurvar og pianolyden skurrar, har det heile ein eigen, aparte nestenpop-sjarm. Uttrykket er leikent og eksperimentelt, og det varierer frå funky new wave og synthpop til bossanova og afrikansk- og arabiskinspirerte perkussive utblåsingar – stundom alt dette på ein gong.
Varmt lydbilete
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.