Ueinsarta orkesterklangar
Kammerorchester Basel kastar seg rundt når Giovanni Antonini dirigerer Haydns «koralsymfoniar».
CD
Joseph Haydn:
Haydn 2032, Vol. 6: Lamenta-
tione
Kammerorchester Basel; dir.: Giovanni Antonini. Alpha 2018
Joseph Haydn-stiftinga i Basel i Sveits tenkjer langsiktig: Fram til Haydns 300-årsjubileum i 2032 vil dei spela inn alle dei 107 symfoniane hans på «originalinstrument», altså den typen instrument som blei nytta i samtida til komponisten, den me i musikkhistoria sorterer under wienarklassisismen. Eit slikt krafttak er det fleire dirigentar som har prøvd seg på, men til no har ingen klart å føra det til endes.
Kunstnarleg leiar for prosjektet, der Kammerorchester Basel spelar, er italienaren Giovanni Antonini. Han har valt å ikkje ordna Haydn-symfoniane kronologisk, men tematisk. Albuma har difor fått namn som La passione, Il filosofo og – som i høve denne nyaste innspelinga – Lamentatione, som er ei vanleg nemning for vemodig og klagande musikk. Dei fire verka på plata blir gjerne kalla «koralsymfoniar», noko som har to grunnar: For det fyrste siterer dei kyrkjelege melodiar, særleg koralmelodiar (salmar). For det andre inneheld dei sterkt polyfone satsar, slike som er inspirerte av den intrikat fleirstemmige komposisjonsmåten i katolsk renessansemusikk.
Heterogent
Verket som har gjeve plata namn, er Symfoni nr. 26 i d-moll frå 1768 med tilnamnet «Lamentatione». Her er avsnitt frå liturgiske melodiar frå «den stille veka», veka som går frå palmesundag til påskeaftan, voven inn i den elles så verdslege symfoniforma. Dystert alvor høyrer me alt i opninga av fyrstesatsen allegro assai con spirito, som Antonini dirigerer med medrivande energi. Verknadsfull er måten han let orkesteret kasta seg rundt på i dei uventa og brå modulasjonane (overgangane mellom dei ulike toneartane), som er eit typisk trekk ved slike tidlege Haydn-verk.
Spesielt godt likar eg det heterogene lydbiletet som oppstår når dei ulike instrumenta spelar svært ulike meloditypar samstundes. Antonini gjer ingen freistnad på få samklangen meir einsarta, noko han kunne oppnådd ved å mildna uttrykket til einskildinstrumenta. Nei, han lèt dei peisa på kvar for seg. Men sidan den overordna timinga er så presis, lid ikkje samspelet av den grunn.
Eineståande
I andresatsen adagio opplever me òg slike ueinsarta strukturar, men i eit rolegare tempo. Her spelar oboane og andrefiolinane den sindige kyrkjemelodien, medan fyrstefiolinane framfører eit kontrapunkt (ei motstemme) i form av ein kvikk, rokokkoaktig utsmykka melodi.
Å få slike komplekse komposisjonsmåtar til å låta naturleg er noko berre dei beste komponistane maktar. Og å greia å framføra slike kompleks utan at det sprikjer i uttrykk og klang, er noko berre dei dyktigaste utøvarane greier. Kammerorchester Basel og dirigenten Giovanni Antonini høyrer til dei beste. Difor håpar eg dei kjem i mål til Haydn-jubileet i 2032 – held dei fram på dette høge nivået, vil resultatet bli eineståande.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.