Musikk

Tydelegare signatur

Gustavsen Trio har gjort det til ein kunst å halda tilbake.

Publisert

Overraskande nok må ein meir enn elleve år attende for å finna den førre pianotrioplata til Tord Gustavsen. Når ein likevel ikkje opplever diskontinuitet, har det samanheng med at Gustavsen med ensemblet, kvartetten og samarbeidet med Simin Tander pianistisk, kompositorisk og som orkesterleiar har teke dei små, men tydelege stega. Uansett ramme – ein er aldri i tvil – er det Tord Gustavsen det dreiar seg om, og dette skal forståast positivt.

Tydeleg signatur

Både salmeskatten og folkemusikken har inspirert Gustavsen, men låtmaterialet har stort sett vore eigenkomponert. What Was Said (ECM, 2016) med Tander og Vespestad braut med tidlegare praksis og inkluderte ein del folketonar. På The Other Side har han inkludert tre salmar og tre Bach-stykke i tillegg til sju originalar. Likevel er signaturen tydelegare enn nokon gong.

Nytt medlem

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel