Musikk
Trefaldig lovsong
Korleis læt det når tre «Bachar» set tonar til éin og same tekst?

Det er ein spanande CD det engelske barokkensemblet Arcangelo her presenterer. Med teknisk overskot og god stilkjensle framfører dei tre tonesetjingar av same Magnificat-tekst av tre medlemer frå Bach-slekta: faren Johann Sebastian Bach og sønene hans Carl Philipp Emanuel Bach og Johann Christian Bach.
Teksten er bibelsk, «Marias lovsong» (Luk 1,46–55), som på latin har fått namn etter det fyrste ordet i hymnen, «Magnificat anima mea Dominum» («Mi sjel høglovar Herren»). Det er interessant å høyra dei tre komposisjonane i «éin jafs», sidan ulikskapane då blir ekstra tydelege. Og ulikskapane er store – det er imponerande korleis sønene klarte å tre ut or skuggen til den kunstnarleg ovstore faren.
Faren
Lat oss byrja med det grundig utarbeidde, høgbarokke uttrykket hjå Johann Sebastian, med musikken som er den formalt mest varierte av dei tre tonesetjingane. Magnificat, BWV 243, var noko av det fyrste han framførte som ny kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig i 1723. Det må ha vore ein pangstart; aldri før hadde vel kyrkjelyden høyrt så prektig kyrkjemusikk, med fem songstemmer, tre trompetar og paukar, oboar, fløyter, styrkarar og instrumentalbass. Musikken står aldri stille – om éi stemme kviler på ein lang tone, spinn dei andre i veg på lange noterekkjer, slik at den lydlege yta alltid er rørsle. Han er dessutan djupt retorisk, noko me merkar i til dømes «Fecit potentiam», sjettesatsen med teksten «storverk gjorde han med sin sterke arm; han spreidde dei som bar på hovmodstankar». Herrens kraftfulle arm høyrer me i bassen, som er abrupt avbrotne seriar av tonerekkjer.
Sønene
Carl Philipp Emanuels Magnificat, E 22, frå 1749 løyner ikkje dei barokke røtene sine, for opninga med kraftfulle trompetstøyt og lynsnare tonekaskadar frå fiolinane har absolutt barokk patos. Likevel er substansen i musikken ein annan; harmoniane er enklare, og basstemma fungerer meir som harmonisk støtte enn som sjølvstendig melodi. Den nye, kjenslevare stilen høyrer me tydlegast i sjuandesatsen «Suscepit Israel», der tandre tverrfløyter og dempa strykarar akkompagnerer altsolistens ornamenterte song.
Heilt annleis er stilen i Johann Christians tonesetjing frå 1760, der det galante og italienske lyser mot oss frå fyrste takt. Ja, stundom kling hans Magnificat, H 777, meir som opera enn som kyrkjemusikk, noko som fekk storebroren Carl Philipp Emanuel til å hevda at verket «fyller øyro, men lèt hjarta bli verande tomt».
Eg kunne ikkje vore meir usamd. Johann Christians tonesetjing er kan hende mindre samansett når det gjeld det kompositoriske. Men ho utstrålar ei glede og naturleg livslyst korkje faren eller storebroren kjem i nærleiken av – ein ublanda optimisme som går rett til hjartet.