Musikk

Trassig geni

Jukka-Pekka Saraste greier å fylgja dei stadig vekslande emosjonane i Beethovens djupt personlege symfoniar.

CD

Ludwig van Beethoven:

Symphonies 4 & 5

WDR Sinfonieorchester; dir.: Jukka-Pekka Saraste. WDR/Hänssler 2018

«Fyrste! Det De er, er De berre på slump av fødsel, men det eg er, er eg på grunn av meg sjølv. Fyrstar både har det vore og kjem det til å vera tusenvis av. Beethoven finst det berre éin av.» Dette skreiv Ludwig van Beethoven (1770–1827) i 1807 i eit brev til mesenen sin, fyrsten Karl von Lichnowsky, medan han var på veg heim til Wien frå Oberschlesien (lengst aust i dagens Tsjekkia), der han hadde gjesta lystslottet til fyrsten. Turen blei skilsetjande, for ifylgje augevitne braut det mest ut slagsmål mellom dei to:

Fyrst von Lichnowsky hadde offiserar frå den franske grande armée på vitjing og ville ha Beethoven til å spela for dei. Beethoven nekta plent; som republikanar hadde han forguda Napoleon, heilt til denne utropte seg til keisar. Fyrsten blei så sint på den trassige komponisten at han gjekk fysisk til åtak på han. Beethoven svara med å gripa til ein stol som han ville kyla i skallen på fyrsten – noko ein annan adelsmann, grev Franz von Oppersdorff, heldigvis hindra han i.

Episoden seier mykje om Beethovens karakter: Sjølv om fyrsten hadde sørgd for å gje han inntekt og husvære gjennom mange år, og sjølvsagt stod langt over han standsmessig, såg kunstnaren på seg sjølv som eit geni som ikkje trong bukka og skrapa for nokon.

Fyrsten og greven

Finske Jukka-Pekka Saraste, som var sjefdirigent i Oslo-filharmonien frå 2006 til 2013, er i ferd med å spela inn ein syklus med alle dei ni Beethoven-symfoniane med symfoniorkesteret til den vesttyske kringkastinga WDR i Köln. Dei to symfoniane på denne plata står begge historisk i samanheng med hendinga som er skildra over: Symfoni nr. 4 i B-dur, op. 60 (1806) blei skriven på det oberschlesiske lystslottet til fyrst von Lichnowsky, og både dette og det neste verket på plata, Symfoni nr. 5 i c-moll, op. 67 (1808), den såkalla «Lagnadssymfonien», blei etter alt å døma tinga av grev von Oppersdorff.

Kjenslemangfald

Korleis skal me karakterisera Sarastes Beethoven-tolking? Det er tydeleg at han har late seg inspirera av det me kallar den «historisk informerte» framføringsmåten, med klår og transparent orkesterklang, moderat bruk av strykarvibrato og distinkt artikulasjon i mellomstemmene. Opninga av andresatsen, adagio, i fjerdesymfonien er eit godt døme, der me høyrer fine kontrastar mellom den songleg-idylliske melodien til fyrstefiolinane og den perlande staccatoen (korte, kvasse tonar) i andrefiolinane.

Det andre som er karakteristisk ved Sarastes tolking, er den overtydande evna hans til å fylgja dei vekslande emosjonane hjå Beethoven. Tydelegast er dette i tredjesatsen, allegro, i femtesymfonien, som spenner frå blytung fatalisme til nokre av dei varaste, mest optimistiske partia i heile orkestermusikken hans.