Tradisjon og populærkultur
Alfred Maurstad spelar virtuost og rufsete.
FOLKEMUSIKK
Alfred Maurstad:
Innspelingar frå 1927 til 1962
Aksent
Ordet folk har i kunstverda vorte utgangspunkt for to ulike omgrep som vert tillagde diametralt ulike tydingar: Folkekultur og populærkultur. Det første vert gjerne knytte til uttrykksformer som vert traderte gjennom førmoderne samværsformer som læring frå menneske til menneske (tradisjon), medan det seinaste vert knytt til massemedierte kommunikasjonsformer som grammofon, radio og – i vår tid – internett. I tillegg til at desse omgrepa viser til ulike former for teknologi og mediering, representerer dei ofte ulike verdisyn: «det ekte» versus «det kommersielle».
Tradisjonsforvaltar
Kulturpersonlegdomen, filmstjerna og hardingfelespelaren Alfred Maurstad (1896–1967) rotar til alt dette for oss. Samstundes som han var ein av noregssogas mest populære mediepersonlegdomar, var han forvaltar av tradisjonsmusikken frå Nordfjord, men utan å vera opphengt i det lokale: Han spelte også slåttar frå Voss og Telemark, særleg slike som representerte «norsk nasjonalmusikk». Og ved å vera virtuos hardingfelespelar medverka han til at hardingfela vart populær i det tidlegare «vanleg fele»-dominerte distriktet Nordfjord.
Men korleis er så spelet til Maurstad? Det er virtuost og tydeleg, men samstundes rufsete. Det teknisk poserande går hand i hand med det spontane og uttrykksfulle. Og det er kanskje her nøkkelen til Maurstads suksess som musikar ligg: Han er flink, ja, imponerande flink, men samstundes er det noko ufiltrert, spontant over spelet, som gjer at me trur på han, sjølv om han er artist, nasjonal og poserande. Spelet er aldri likegyldig, sjølv om det rett som det er tangerer det ein kan karakterisera som folkloristisk kitch.
Viktig utgjeving
I tillegg til felespel får me høyra Maurstad som songar med stor formidlingsevne, solist med orkester («Fossegrimen» av Johan Halvorsen) og deklamasjon.
Maurstad har ikkje den rolla han ein gong hadde som populær kulturformidlar. Men det er likevel viktig at prosjektleiar Håvard Svensrud og plateselskap Aksent gjev ut denne doble CD-en. Dette er ei nyttig påminning om det – til tider – problematiske tilhøvet mellom folkekultur og populærkultur, og det viser korleis det faktisk går an å vera popartist, tradisjonsformidlar og fornyar på ein gong.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikkvitar, musikar og fast musikkmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.