Musikk

Tibbetts mot straumen

Steve Tibbets er ein einsamflygar på samtidsmusikk-himmelen.

Publisert

Steve Tibbetts er ein musikalsk einstøing. Han har gjeve ut plater på ECM sidan 1982 (Northern Song), men berre den første er produsert av Manfred Eicher. Måten Tibbetts jobbar fram musikken sin på, bryt så totalt med det dei fleste andre musikarar gjer, at han må vera sin eigen produsent. At han i alle år har fått halda på slik og framleis gjev ut på ECM, viser at Eicher verdset musikken til Tibbetts høgt.

Tibet og Hardanger

Tibbetts held til i Minnesota, men har heile livet vore ein globetrottar ­– også i musikalsk forstand. Lange opphald på Java og Bali har gjeve djup innsikt i tradisjonell indonesisk orkestermusikk, gamelan. Han har også ferdast mykje i Nepal og Tibet og spelt inn plater med den tibetanske buddistnonna Chöying Drolma. Også norsk og nordisk folkemusikk har fanga interessa til Tibbetts, og i 1999 gav han ut Å med meisterspelemannen Knut Hamre.

Monotoni

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement