Tett på Kevin
Kevin Morby viser at klubbkonserten framleis er den beste rockekonserten.
Konsert
Kevin Morby
Landmark i Bergen
Det ligg ei eiga glede i å høyre eit verkeleg godt rockeband i ein liten klubb. Kanskje er det berre slik ein kjem tett nok på? Etter ein festivalsesong med mange maratonkonsertar under open himmel kjendest i alle fall det tette trøkket i vesle Landmark, konsertlokalet amerikanske Kevin Morby vitja for nokre dagar sidan då han kom til Bergen, heilt rett.
Morby har fire framifrå plater bak seg og blir berre betre og betre. Likevel er han ikkje større enn at vi kan nyte å høyre han og bandet i eit slikt rom snarare enn i folkehavet på ein eller annan arena eller eit stadion.
Samspel på plass
Landmark, plassert i Bergen Kunsthall, projiserte gatebildet utanfor på eit stort lerret bak scenen, slik at vi vart ståande og sjå på dei som vandra langs Lille Lungegårdsvann denne milde augustkvelden, uvitande om at vi kikka på dei – eit bakteppe som står godt til Morbys urbane rockepoesi på fjorårets fine City Music, som vel halvparten av kveldens songar var henta frå.
Tittelsporet derfrå fekk opne konserten, eit godt val, sidan låten viser korleis Morbys gitarrock kan vere både kontant, effektiv og ekspansiv på same tid. Frå første sekund var samspelet heilt på plass, ikkje minst mellom Morby og gitarist Meg Duffy.
Det velvalde repertoaret, som ser ut til å gå igjen på seinsommarens hektiske Europa-turné, vekslar fint mellom utgivingane til Morby, anten det dreier seg om det hypnotiske tittelsporet på Harlem River (2013), som fekk strekkje seg ut akkurat slik det skal og må, «Parade», frå Still Life (2014), eller songane frå Singing Saw (2016), det første albumet frå artisten på selskapet Dead Oceans – det var tydeleg at mange hadde høyrt «I Have Been to the Mountain» og «Dorothy» (med det feite Stones-riffet!) før. Ein stygg feedback som aldri heilt sleppte taket, vippa ikkje bandet for mykje av pinnen.
Humanistisk glød
Ein tilbakelent, humanistisk glød kjenneteiknar fleire av songane til Morby, som den omfamnande «Aboard My Train», ein real klem til alle menneske låtskrivaren har komme tett på opp gjennom åra. Den same gesten er sentral i «Beautiful Strangers», singelen Morby sleppte i 2016 og tileigna offera i terroråtaket i Orlando sommaren det året – inntektene gjekk til organisasjonen Everytown For Gun Safety. Morby framfører ofte songen åleine med gitaren mot slutten av konsertane sine, saman med B-sida på same singel, ei tolking av Townes Van Zandts «No Place To Fall» – så også i Bergen. Eg håpar det ikkje går for lenge til eg får sjansen til å høyre han igjen.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»