Musikk
Sterk sesongopning
Med Leif Ove Andsnes er Bergen Filharmoniske Orkester så heldige å ha ein huspianist i verdsklasse.

Sjølv ikkje den beste konsertpianisten kjem til sin rett om han ikkje går godt saman med dirigenten. At dette ikkje er noko problem i Bergen, synte sesongopningskonserten i Grieghallen torsdag førre veke, der me opplevde kor god kombinasjonen av Andsnes og sjefdirigenten Edward Gardner er: Dei har begge ei ungdommeleg frisk tilnærming til musikken, er begge perfeksjonistar når det gjeld det tekniske og synest begge å prioritera samspel framfor sjølvpromotering på podiet.
Klangalkymist
At «Harmonien», som bergensarane kallar Bergen Filharmoniske Orkester, er i storform etter turneen til Amsterdam, London, Hamburg og Warszawa i førre månad, merka me i opningsnummeret Different Stories av bergensaren Ørjan Matre (fødd 1979). Dette femdelte orkesterverket, som blei urframført i Stavanger Konserthus i april, er ein leik med ukjende klangkombinasjonar. Nye klangar oppnår komponisten ved å kopla ulike instrumenttypar unisont, altså ved la dei spela i einklang på same tonar. Det krevst ein habil klangalkymist for å få i stand slike klanglegeringar, noko Matre er: Eit instrumenteringshandverk på dette nivået er det få komponistar av hans generasjon som rår over.
Britisk bravur
Verket som vekte mest begeistring hjå publikum, var engelske Benjamin Brittens (1913–1976) Konsert for klaver og orkester i D-dur, op. 13 (1938/1945). Fyrstesatsen «Toccata: Allegro molto e con brio» går rett på sak, der pianisten spelar ein påståeleg melodi over eit teppe av bivrande treblåsarar og fiolinar. I dette for Britten uvanleg virtuose bravurstykket kom Andsnes’ feilfrie speleteknikk til sin rett; det var ikkje motstand i instrumentet hans, for sjølv dei mest halsbrekkande solopassasjane flaut uhindra.
Ukristeleg utgang
Heidenske ritual til førkristne slavarar avslutta konserten. I russaren Igor Stravinskijs (1882–1971) barbariske ballettmusikk Vårofferet (1913) blir Vårguden smigra ved at ei jomfru dansar seg i hel på offerplassen i skogen. Orkesteret har lang røynsle med å framføra dette verket, mellom anna gjennom den gode CD-innspelinga dei i 2011 gjorde med førre sjefdirigent, Andrew Litton. Under Gardner lét balletten litt for sivilisert etter min smak. Eller var det berre øyro mine som var metta etter Brittens pianistiske fyrverkeri før pausen? Vårofferet hadde uansett hatt større verknad som opningsnummer.