Musikk
Spenstig låtmateriale
Magnus Broo løfter Hanna Paulsberg Concept til nye høgder.
I 2012 kom Paulsberg med platedebuten Waltz for Lilli. Kritikkane var overstrøymande. Kvart andre år har det kome nye plater frå hennar Concept, og like sikkert har meldingane vore fulle av superlativ. Bandet har vore stabilt heile vegen og gjev naudsynt tryggleik.
Ny musikalsk lei
Med Daughter of The Sun har Paulsberg teke grep og røska opp. Inn har den svenske trompetisten Magnus Broo kome, som eit friskt, om ikkje ungt pust. Ikkje berre har dei fått med på laget ei av dei mest særmerkte stemmene i samtidsjazzen, men dei har også fått andre fargar i ensemblespelet, og dette er, om mogeleg, endå meir på plass enn før.
Minst like viktig er det at Paulsberg har teke konseptet sitt i ei ny musikalsk lei. Den moderne amerikanske mainstreamtradisjonen har vore ei inspirasjonskjelde på dei tre første utgjevingane. No går inspirasjonstrådane også i retning Don Cherry, Chris McGregor, Dudu Pukwana og Mogezi Feza. Låtmaterialet er både særmerkt og variert, med mange referansar til jazzklassikarar som Bud Powell, Pharaoh Sanders og Miles Davis. Sistnemnde får eit vørdsamt bukk frå Broo i Paulsberg-originalen «Scent of Soil», den kompositoriske rosina i pølsa (som ikkje må forvekslast med Brunborg og Hukes låt med same namn).
Den beste
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.