Musikk
Speleglede
The English Concert spelar musikk dei likar å spela.

Då eg fyrst fekk det nye albumet til barokkorkesteret The English Concert i hende, la eg merke til noko uvanleg: Det har faktisk ikkje noko namn. Kva kan vera grunnen? Det vanlege er at klassiske plater har eit konsept, som å presentera ein komponist, profilera ein utøvar eller fortelja ei slags historie av typen «Mozart i Paris» eller «Vivaldi i Wien». Men dette albumet har liksom ikkje nokon raud tråd, det er som om musikarane rett og slett har laga ei innspeling av stykke dei likar å spela.
Dall’Abaco
Og speleglede struttar ho av, denne plata som inneheld fem instrumentalkonsertar av fem meir eller mindre kjende italienske (eller «italianiserande») komponistar. Det fyrste stykket er av Evaristo Felice Dall’Abaco (1675–1742), ein veronesar som på grunn av ymse krigar flakka mykje kringom i Europa, før han hamna ved hoffet i München. Det ber hans Concerto grosso i D-dur, op 5 nr. 6, preg av. Fyrstesatsen «Allegro» er italiensk, med to solofiolinar som gjev alt for å overgå kvarandre i virtuoseri.
Andresatsen «Aria Cantabile» er annleis. Han er forma som ein «sarabande», ein høgtidsam og forfina fransk hoffdans. Tredjesatsen «Ciaccona», som er min favoritt, blandar derimot det italienske og det franske – og det bondske: Over ei stutt bassline som (med små modifikasjonar) går om att gjennom heile satsen, spelar fiolinane variasjonar som blir stadig meir røffe og rustikke.
Telemann og Porpora
Det einaste verkeleg kjende stykket på plata er Bratsjkonsert i G-dur, TWV 51:G9, av tyske Georg Philipp Telemann (1681–1767), som her komponerer italianiserande, altså i italienskinspirert nasjonalstil. Solist er spanjolen Alfonso Leal del Ojo, som får spesielt godt til den songleg-uttrykksfulle melodien i tredjesatsen «Andante».
Men den beste solistprestasjonen, i alle høve teknisk, tykkjer eg engelske Joseph Crouch yter i Cellokonsert i G-dur av napolitanaren Nicola Porpora (1686–1768), som var J. Haydns lærar i Wien og G.F. Händels rival som operaimpresario i London. Komposisjonen er i seg sjølv ypparleg, med uventa melodiske vendingar i dei rolege satsane og briljant-virtuose, operaaktige avsnitt i dei snøgge. Crouchs framføringsmåte fengjer, særleg i dei svært høge passasjane i andresatsen «Allegro», der intonasjonen er så rein som ein kan få det. Hadde han vilja gjort det enkelt for seg, hadde han lagt på ein feit vibrato i toppregisteret. Men denne cellisten vågar seg på ein glasklår non-vibrato – og lukkast med det.