Musikk

Spegel i spegel

Papa M er tilbake med eit akustisk album.

Papa M byr på akustisk gitarmusikk, mellom anna ei tolking av Arvo Pärt.
Papa M byr på akustisk gitarmusikk, mellom anna ei tolking av Arvo Pärt.
Publisert

Om du ikkje høyrer akustisk gitarmusikk for åtte hender ofte nok, bør du gripe sjansen og skaffe deg A Broke Moon Rises, ei ny plate frå Papa M, soloprosjektet til David Pajo (Maurice, Slint, Aerial M, Tortoise, The For Carnation, Dead Child).

Alle åtte hender tilhøyrer Pajo sjølv og utover gitararbeidet er det nye albumet berre sparsamt instrumentert – nokre forsiktige trommer held rytmen på plass.

Godt nytt

Då eg skreiv om Highway Songs (2016) på desse sidene, tolv år etter at eg sist hadde høyrt musikk frå prosjektet Papa M, måtte eg vedgå at materialet verka litt tilfeldig sett saman, og at det eg fann sterkast, var nett dei knappe, akustiske instrumentalane, som meditative «Dlvd» eller det suggestive mellomsporet «Coda».

For dei som delte mitt syn på Highway Songs, er A Broke Moon Rises godt nytt. Den nye plata er knapp, men konsentrert og konsekvent, og inneheld berre fem spor, alle gitardrivne, akustiske instrumentalar. Sjølve uttrykket sender tankane til denne lyttaren heilt tilbake til 2001, då Papa M-albumet Whatever, Mortal kom ut, ei strippa utgåve av Pajo der det akustiske balladeriet fekk ein sentral plass i songar som «Over Jordan.»

Då spela det forteljande ei viktig rolle. På A Broke Moon Rises er det stemningane som dreg lyttaren inn. Innleiande «The Upright Path» har ei snikande uro over seg, medan «Walt’s», som følgjer, er forsonande og mild, med ein passe slakk slidegitar – ei varm, tilbakelent lita sak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement