Musikk

Som songar utan ord

Felix Mendelssohn-Bartholdy (1809–1847). Måleri av Eduard Magnus.
Felix Mendelssohn-Bartholdy (1809–1847). Måleri av Eduard Magnus.

CD

Felix Mendelssohn-Bartholdy:

Works for Cello & Piano

Christian Poltéra, cello; Ronald Brautigam, klaver. BIS 2018

Celloklangen er den som liknar mest på menneskerøysta, blir det sagt. Det kan eg gjerne tru, særleg etter å ha høyrt gjennom dette Mendelssohn-albumet med den sveitsiske cellisten Christian Poltéra. Ikkje berre er klangmangfaldet til Stradivarius-celloen hans frå 1711 formidabel; den songlege måten han formar frasane på, med raffinert dynamikk som får dei lange tonane til å esa ut mot frasesluttane, har menneskelege kvalitetar. Stykka som blir spelte, læt som songar utan ord, noko som høver tittelen til eitt av dei finaste verka på plata, Romance sans paroles, op. 109. Mendelssohn dediserte dette vesle stykket til ein av dei fyrste store, kvinnelege cellovirtuosane i musikksoga, franske Lise Christiani, som han møtte i Leipzig i 1848.

Det eldste stykket på albumet, Variations concertantes, skreiv han som 20-åring i 1829. Her høyrer me at han framleis strevar litt med å få den djupe celloklangen til å blanda seg skikkeleg med klaverparten. I dei to store sonatane frå kring 1840, Sonata nr. 1 i B-dur, op. 45, og Sonata nr. 2 i D-dur, op. 58, meistrar han derimot denne kunsten fullt ut, for klangsymbiosen er perfekt.

Akkompagnert blir cellisten Poltéra av nederlendaren Ronald Brautigam, som trakterer ein kopi av eit fransk flygel av merket Pleyel frå kring 1830. Det vil seia: Å redusera Brautigam til akkompagnatør, blir feil. Omgrepet «duettpartnar» høver betre, for i denne musikken spelar klaveret ofte ei like stor rolle som celloen. Ei slik likevekt er det berre dei beste komponistane som får til.