Musikk

Slank og intens

Bach Collegium Japan framfører Beethoven med wienerklassisk akkuratesse.

CD

Ludwig van Beethoven:

Missa
solemnis

Bach Collegium Japan;
dir. Masaaki Suzuki. BIS 2018

Hadde ein spurt Beethoven om kva som var det viktigaste verket hans, ville det ikkje vore Symfoni nr. 9 i d-moll, altså «Korsymfonien», som blir sett på som ein av musikksogas verkelege milesteinar. Som Beethoven skreiv til komposisjonseleven Ferdinand Ries i 1822: «Mitt største verk er ei stor messe eg nyss skreiv.»

Denne Missa solemnis i D-dur, op. 123, som blei urframført i 1824, er no komen i ei fin innspeling med Bach Collegium Japan under leiing av Masaaki Suzuki. Komposisjonen – tittelen tyder «høgtidsam messe» – er blitt ståande som eit hovudverk i den katolske kyrkjemusikken, trass i at han med 75 minuttars framføringstid sprenger alle liturgiske rammer. Hadde ein freista å framføra han i høgmessa på sundagen, ville seansen blitt ulideleg lang. Difor blir han i dag mest berre spelt som konsertmusikk.

Feite og slanke

Dei mange innspelingane av høgtidsmessa kan grovt sett delast inn i to kategoriar, som me kan kalla den «feite» og den «slanke». Til den fyrste kategorien høyrer monumentale tolkingar med svært orkester og ovstort kor, til dømes tolkinga James Levine gjorde med Wienerfilharmonikarane i 1992. Her syng operasolistar som Plácido Domingo, og bak orkesteret står heile tre blandakor.

Til den andre kategorien høyrer tolkingar med linnare klang, eksempelvis tolkinga John Eliot Gardiner gjorde med Orchestre Révolutionnaire et Romantique i 1990, der heile ensemblet er mindre. Orkesteret spelar på kopiar av instrument frå Beethovens samtid, solistane er spesialiserte innan kyrkjemusikk (ikkje opera) og det er berre eitt kor. Men sjølv om klangen er linnare, er klårleiken intens.

Kulminasjon

Suzukis nye versjon soknar definitivt til sistnemnde kategori. Den dyktige solistkvartetten, der norske Ann-Helen Moen syng sopran, lèt homogent, og det vesle, men kraftfulle koret har skarp diksjon og sylkvass intonasjon. Stemmeføringa i Beethovens kompliserte fleirstemmigheit blir slik tydeleg; høyr berre på fugepartiet som avsluttar Gloria-leddet i messa, der det heiter «in gloria Dei Patris, amen» («i Faderens herlegdom, amen»). Bach Collegium Japan framfører fugen med den same akkuratessa me kjenner frå Bach-CD-ane deira.

Det verkar som om Suzuki ser på Beethovens høgtidsmesse som ein kulminasjon av wienerklassiske messetonesetjingar av Haydn og Mozart (slike som faktisk skulle framførast som del av liturgien), og ikkje som byrjinga på 1800-talets store romantiske konsertmesser. Ikkje alle vil lika den stringente spelestilen – føretrekkjer du å høyra Beethoven monumentalt musisert, vil du kan hende sakna hjarteblod. Men innanfor den «slanke» tolkingskategorien har Suzuki laga ei perle av ei innspeling.