Musikk

Sigerssæl trompet

CD

Georg Philipp Telemann:

Alle Augen warten auf dich

Ex Tempore; Mannheimer Hofkapelle; dir.: Florian Heyderick. CPO 2018

Telemann likte å organisera kyrkjekantatane sine i årgangar, som inneheldt éin kantate til kvar sun- og helgedag i kyrkjeåret. Dei fire kantatane det dugande Mannheimer Hofkapelle her presenterer, er frå den såkalla Italienske årgangen som Telemann tok fatt på i 1716. Kva særmerkjer denne? Måten stilen frå verdsleg, italiensk instrumentalmusikk blir integrert i den lutherske kyrkjemusikken på, var nyskapande. Etter mønster av den italienske solokonserten lét Telemann nemleg instrumentalsolistar tevla med koret eller songsolisten. Spesielt
fascinerande tykkjer eg dette er i påskekantaten Ich bin der Erste und der Letzte («Eg er den fyrste og den siste»), som har tekst frå Johannes’ openberring. Han tek til med eit instrumentalforspel der ein sigerssikker trompet breier seg over bølgjande strykarakkordar. Trompetstemma er skriven for det høgaste registeret til instrumentet, det ein i barokken kalla clarino, som var så vrient å spela i at berre dei aller beste musikarane makta det. Hadde eg ikkje visst betre, ville eg trudd at dette forspelet var fyrstesatsen i ein virtuos solokonsert, for han læt verkeleg ikkje som kyrkjemusikk. Tropetisten på plata, Fruzsina Hara frå Ungarn, meistrar elles clarino-registeret lytelaust.