Musikk

Seglems verdsjazz

Hardingfelene tek lydbiletet naudsynte steg utanfor hyggesona.

Publisert

Nunatak – Eine Erzählung er ein oppfølgjar til den kritikarroste Som spor (2014). Seglem gjev ut plater med ujamne mellomrom, og han har mange kunstnarlege ballar i lufta, men det har knytt seg ekstra forventning til verdsjazzprosjektet hans. Her har han og det stjernespekka laget hans greidd å skapa eit heilt unikt uttrykk som har gjort han til ein omtykt konsertartist – også på kontinentet.

Nunatak innfrir. Sigurd Hole og Kåre Opheim legg ned eit fjellstøtt, men sterkt pulserande fundament, og Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo hypnotiserer oss med klanguniverset frå dei to hardingfelene. På den ti minuttar lange låten «Rindabotn» spelar Seglem ein bukkehornsolo som er det sterkaste han har gjort på dette instrumentet.

Her er likevel rom for det motsette. «Polarnatt» har eit innsmigrande tema framført unisont av Moldestad på vokal og Seglem på tenorsaks omgjeve av harmonisk vellyd frå Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo.

Sistnemnde viser seg fram med all sin pianistiske kreativitet i «Tid kvervlar». Låten er eit tolv minuttar langt epos der ensemblet nyttar seg av heile den rikhaldige klangpaletten sin. Innimellom resiterer Seglem: «ein stor stein/ stikk opp i ei stri elv/ inn i mine år/ og ut av mine årar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement