Musikk

Samba og bossa 69° nord

Sandvik og Norvoll har plukka både repertoar og musikantar som gjer susen.

Publisert

Interessa for brasiliansk musikk hjå Marit Sandvik og Øystein Norvoll er ikkje av ny dato. Alt i 1993 danna dei bandet Bossa nordpå, og tolv år seinare gav dei ut Uma Onda No Mar. No heiter bandet Nova Onda (ny bølgje) og reflekterer vel faktumet at gjennomsnittsalderen i bandet har gått ned med om lag 20 år, men framleis er det brasiliansk musikk som gjeld.

Går ikkje i fella

Dei går ikkje i den klassiske fella å plukka det mest velbrukte innan brasiliansk populærmusikk. Brasil er eit mangfaldig land på alle måtar, også musikalsk, og det finst ei mengd musikalske skattar som berre dei innvigde veit om. Djavan, Joyce Moreno og Luiz Gonzaga er sjølvsagt store namn både i Brasil og internasjonalt, men det er ikkje desse som er på covertoppen.

Repertoaret er eit avgjort pre med plata. Det er vel berre hyllinga til fotballegenda Garrincha ein kunne ynskje at ein streng produsent hadde luka vekk. Her blir det togge drøv både musikalsk og tekstleg. Likevel er det perlene som dominerer, mellom andre Djavans «E que Deus ajude» og Morenos «Deu no que deu». Som ein kontrast til det finslepne og nyanserike står den enkle og sprudlande «Asa Branca» av Gonzaga. Også Sandviks originalkomposisjonar fell fint inn i heilskapen.

Sjangertru

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement