Musikk
Radikale steg
Low utfordrar seg sjølv og fansen, og leverer ein moderne klassikar.
Ekteparet Alan Sparhawk og Mimi Parker spelar saman med Steve Garrington.
Foto: Shelly Mosman
Hmm, tenkte eg då eg så vidt var i gang med å lytte til Double Negative, det nye albumet frå Low – kva er det med lyden? Kan eg ha sprengt høgtalarane?
Forvirringa varte ikkje lenge før eg forstod at alt var som det skulle vere. Etter eit kvart hundreår som band har nemleg Low levert den mest radikale lydproduksjonen nokosinne. Double Negative er ei modig plate, eit sett songar som garantert har fått bandet til å forlate komfortsona og orientere seg mot ein ny og annleis estetikk.
Det er ein klisjé, men sjeldan passar vel ordet «institusjon» betre enn når ein skal markere posisjonen Low har i den nordamerikanske indierocken. Musikken ekteparet Alan Sparhawk (gitar, vokal) og Mimi Parker (perkusjon, vokal) har laga saman med Steve Garrington (bass), er prega av ein eigenarta minimalisme der mindre alltid har vore meir.
Hakeslepp
Som trufast lyttar fekk eg hakeslepp i det første møtet med Double Negative. I staden for å ta med seg ferdigskrivne songar i platestudio lét bandet produsent B.J. Burton, som mellom anna er kjend for samarbeidet med Justin Vernon og Bon Iver, få innverknad på songane alt idet dei var på skissestadiet. Burton var også produsent på Ones and Sixes (2015), men denne gongen har han ein langt meir sentral plass i måten musikken utfaldar seg på. Minnesota-bandet tok turen frå Duluth til Burton og Bon Iver-studioet April Base i Eau Claire i Wisconsin fleirfaldige gonger i arbeidet med plata.
Sist Low for alvor røska tak i sitt eige uttrykk, var med samarbeidet med produsent Dave Fridmann på midten av 2000-talet, med loops og trommemaskiner, men for denne lyttaren står ikkje denne perioden som den sterkaste i bandhistoria. Før dei sist samarbeidde med Burton, var det Jeff Tweedy som stod for produksjonen, på The Invisible Way (2013), som på mange måtar mobiliserte dei viktigaste kvalitetane til Low, men som også var såpass trygg at han kanskje ikkje utfordra bandet og lyttarane nok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.