Musikk
Rabulisme og poesi
Martin Myhre Olsen har mykje å melda.
Det mest spanande Martin Myhre Olsen er involvert i for tida, er MMO-Ensemble, meiner Lars Mossefinn.Det mest spanande Martin Myhre Olsen er involvert i for tida, er MMO-Ensemble, meiner Lars Mossefinn.
Foto: Signe Fuglesteg LuksengardFoto: Signe Fuglesteg Luksengard
Jazz/samtidsmusikk
Komponisten og saksofonisten Martin Myhre Olsen har verkeleg markert seg etter at han blei uteksaminert frå jazzlinja i Trondheim med ei årseining i komposisjon i 2014. Myhre Olsen har seinare vore spellemannprisnominert og kåra til «Årets unge jazzmusikar» som medlem i bandet Magalodon Collective i åra 2015 og 2016. I år blei det spellemannpris på han som medlem av kvintetten Hegge (meldt i Dag og tid 27. oktober 2017). Han er nyleg utnemnd til NTNU-ambassadør og leier Midtnorsk ungdomsstorband, men det mest spanande Myhre Olsen er involvert i for tida, er det store prosjektbandet MMO-Ensemble.
Storband med strykarar
Musikken er skriven for eit litt uvanleg «storband» som inkluderer tre strykarar. Dette er den største utgåva av ensemblet så langt. Også denne gongen inkluderer han tekstar av amerikanske lyrikarar – denne gongen Emily Dickinson, Edward Estlin Cummings og James Baldwin. Dikt av sistnemnde har gjeve namn til plata, som er eit konsertopptak frå Victoria i januar i år.
Fin dynamikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.