Musikk
Optimal duo
Bach-tolkinga til Isabelle Faust og Kristian Bezuidenhout er prega av ein veldig vørdnad for verket.

Denne musikarduoen kunne ikkje vore sterkare: Tyske Isabelle Faust er ein av vår tids fremste fiolinistar, ein imponerande allsidig musikar som spelar like godt på barokkfiolin som på moderne fiolin. Sørafrikanske Kristian Bezuidenhout er òg allsidig; han spelar både cembalo, hammarklaver og moderne konsertflygel, og har, til liks med Faust, fleire CD-utgjevingar bak seg som fortener status som referanseinnspelingar.
Når eg på dette dobbelalbumet høyrer dei spela Bachs seks triosonatar for fiolin og cembalo, slår det meg kor godt dei passar saman som musikarar. For sjølv om begge har ein finslipt speleteknikk og rår med dei vanskelegaste passasjane som om dei skulle vore simple C-durskalaar, er ikkje dette noko dei brifar med. Tolkinga og samspelet deira er prega av ein veldig vørdnad for verket, der det tekniske tener musikken – musikken blir aldri eit medium for å syna fram den briljante teknikken til utøvarane.
Triosonatar
Det kan synast merkeleg at Bachs sonatar for fiolin og cembalo blir kalla triosonatar. For korleis kan ein duo spela trioar? Grunnen er at cembalostemma ikkje – som i mesteparten av den barokke ensemblemusikken – berre er notert som ei bassline med besifring til (såkalla basso continuo), men at ho er skriven ut med éi bassemme for venstrehanda og éi melodistemme for høgrehanda (såkalla cembalo obligato). Til saman utgjer altså fiolinstemma og dei to stemmene hjå cembalisten ein triosonate, ei form som teoretikarane i barokken såg på som den mest krevjande av alle komposisjonstypar. Ja, triosonaten var sjølve prøvesteinen for ein komponist, for her måtte han i fullkomen syntese kombinera lærd polyfoni, fulltonande harmoni og songleg melodi.
Optimalt
Me veit at Bach likte å bryna seg på komposisjonstekniske problem. Musikken var ikkje berre kunst for han, han var òg vitskap, ein musikalsk vitskap der han kunne eksperimentera seg fram til best moglege kompositoriske løysingar. Triosonatane som her er innspelte, er døme på verk der Bach levde ut denne lysta til det eksperimentelle – det er overlevert mange versjonar av dei, noko som tyder på at han flikka på stykka i årevis med det mål for auga å skapa ein «optimal» verkversjon.
Kva som kjenneteiknar ein optimal versjon av ein musikalsk komposisjon, og om det i det heile finst noko slikt, er truleg eit filosofisk spørsmål snarare enn eit musikalsk eit. Optimal kjennest i alle høve framføringa til duoen Faust og Bezuidenhout, for eg har aldri høyrt ei finare og meir truverdig innspeling av desse seks triosonatane.