Musikk
Om eg var ...
Elephant Micah sleppte om bord ein mutant.
Lydlandskapet er viktig på det nye albumet til Elephant Micah.
Pressefoto
«Om eg var...» Orda kan bere bod om eit anna mogleg utfall, ein spekulasjon, ein draum. Eller dei kan romme ei bortforklaring, sjølvsagt.
Frasen dukkar opp fleire gonger på Genericana, Joseph O’Connells nye album som Elephant Micah, der han får spele ut dette tvitydige drøymeriet, opne eit landskap av det som kunne ha vore. «If I were a writer.» «If I were a thinker.»
Indre struktur
For grammatikkglade lesarar inviterer kanskje dette til ein liten diskusjon om det ein brukte å kalle kondisjonalis, men som har fått eit nytt namn som er såpass lite poetisk at vi skal halde det utanfor ein omtale av ei plate som Genericana. Når det er sagt, er albumet merkt av ein markant indre struktur som er nesten like konsekvent som grammatikken. Kjøper du dette på vinyl, får du to platesider som speglar kvarandre som i ein Rorschach-test. Seks spor følgjer kvarandre, med titlane «Surf A», «Fire A», «Life A», «Life B», «Fire B» og «Surf B». Typografien på omslaget spelar på denne oppbygginga og insisterer på at ho er meir enn ein fiffig idé. Etter å ha lytta nokre gonger er eg overtydd.
Korleis høyrest så dette ut? Ganske så sparsamt, men dei få ingrediensane er ganske avgjerande. O’Connell sjølv spelar gitarar og tangentar, og syng med ei røyst som har fått mange til å samanlikne han med Will Oldham. Jason Evans Groth er med på gitar, Zeke Graves på bass. Med på Genericana er elles bror til O’Connell, Matthew, på trommer og ein mystisk, heimesnikra synth karane har gitt namnet The Mutant.
Lydlandskap
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.