Musikk

Norsk-italiensk mainstream

Samarbeidet mellom Yttredal og Bonati ber nye frukter.

Publisert

Samarbeidet mellom den norske saksofonisten Tor Yttredal og den italienske bassisten Roberto Bonati har bakgrunn i at båe har vore leiarar for kvart sitt institutt for jazzmusikk i høvesvis Stavanger og Parma, og det vellukka samarbeidet mellom Bonati og Bjergsted-ensemblet frå Stavanger, nor sea/nor land/nor salty waves, blei omtalt her i avisa for to år sidan.

Velspelt

Denne gongen har Bonati og Yttredal henta med seg tidlegare samarbeidspartnarar til ein klassisk trompet/saksofon-kvintett. Her er det mainstream for alle pengane. Sjølv om både form og format er kjent og velprøvt, vil det alltid vera hjarterom for velkomponert og velspelt musikk.

Bonati leverer

Alle har levert komposisjonar til denne innspelingsøkta i Milano for eit år sidan, men Bonati set tydlegast bumerke med fire av ni låtar der «Bianca Luna Di Aprile» verkeleg funklar. Studiolyden er prega av stort rom, men intens nærleik til instrumenta. Det er ei kontemplativ stemning over det meste av musikken som går i ballade eller medium tempo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement