Musikk
Norsk duo på pilegrimsferd
Past Present og Andrew D’Angelo har funne tonen.
Som jazzstudentar ved Universitetet i Stavanger har Halvorsen og Hoholm spelt saman i mange år, men Past Present-prosjektet skriv seg attende til 2014. I 2016 var dei med i Jazzintro, og no er dei klare med debut-CD-en sin.
New York
Duoen var for eit par år sidan på pilegrimsferd til New York, nærare bestemt Brooklyn. Der møtte dei mellom andre altsaksofonisten Andrew D’Angelo, som dei gjorde to konsertar og denne plateinnspelinga saman med. No ligg plata endeleg føre, og det er blitt ei intim plate som set fokus på dei korte melodiøse strekka. Ikkje noko kutt er over fire minuttar. Me får høyra duoen og D’Angelo i lyrisk samspel, men ved eit par høve trør dei skikkeleg til, som til dømes i D’Angelos «Technical Drills!». Då er også Jim Black med på laget.
Trillingsjel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.