Musikk

Nordisk tone

Den svenske komponisten Hugo Alfvén (1872–1960).
Den svenske komponisten Hugo Alfvén (1872–1960).

CD

Hugo Alfvén:

Symphony No. 1, Drapa, Midsommarvaka

Deutsches Symphonie-Orchester Berlin; dir.: Lukasz Borowicz. CPO 2018

Hugo Alfvéns Symfoni nr. 1 i f-moll, op. 7, byrjar, som Griegs a-mollkonsert, med ein svulmande paukekvervel. Men medan paukekvervelen hjå Grieg fører rett inn i det dramatiske opningsmotivet til klaversolisten, går han hjå Alfvén like overraskande over i ein klagande cello, som blir framført med tung melankoli av Deutsches Symphonie-Orchester Berlins cellosolist. Det melankolske gjeld elles berre for opninga; resten av denne symfonien frå 1896 kling friskt og optimistisk og har ein distinkt nordisk tone – Alfvén omtalte han då òg som sin «fyrste komposisjon på svensk».

Korleis skal me skildra denne nordiske tonen? Eg tenkjer til dømes på dei dansande, rytmiske forskyvingane i dei snøgge satsane, der vektlegginga kjem på andre slaget i takten i staden for på den fyrste, og på dei raske ornamentale motiva i fiolinane, som læt som musikalsk rosemåling. Endå klårare er det nordiske i den «svenske rapsodien» Midsommarvaka, op 19 (1904), som er tvers gjennom nasjonalromantisk.