Musikk
Nonchalante ornament

Charles (eller François) Dieupart (ca. 1700 – ca. 1740) var ein av dei mange musikarane frå kontinentet som emigrerte til London i høgbarokken, der etterspurnaden etter slike var stor.
Livet hans har me liten kjennskap til, men me veit at komposisjonane nådde vidt ut – sjølve J.S. Bach i Leipzig åtte eit trykt eksemplar av cembalosuitane hans, som han studerte inngåande.
No er den fyrste innspelinga av Dieuparts seks sonatar for blokkfløyte og basso continuo (1717) her. Dei blir vakkert spelte av blokkfløytisten Isabel Favilla, som har rund og jamn klang og elegant nonchalante ornament tilpassa affekten i einskildsatsane. I tillegg får me eit suverent omslagsessay skrive av vår tids fremste blokkfløyteekspert, amerikanaren David Lasocki.