Nils Økland må bli fast gjest med trioen.
Jazz / Blues /
Americana
RANDI TYTINGVÅG TRIO:
Roosts & Wings
Randi Tytingvåg, vokal; Dag S. Vagle, gitar, vokal; Erlend E. Aasland, banjo, tenorgitar, cavaquinho, piano. Gjester: Nils Økland, fele, hardingfele; Knut Reiersrud, lap steel, munnspel, resonator.KKV FXCD 442 2017
Randi Tytingvåg har strippa ned banda sine for kvar plateutgjeving sidan Red kom i 2009. Den faste trioen hennar har halde i hop sidan 2013, og dette er den andre utgjevinga deira. Three kom i 2015, og er på mange måtar svært ulik oppfølgjaren. Medan Three i stor grad inneheld coverlåtar, er Roots & Wings spekka med Tytingvåg-komposisjonar.
Eigne tekster
Låtane til Tytingvåg er i eit musikalsk landskap der ulike amerikanske populærmusikalske sjangrar dominerer, men ein finn òg påverknad frå folkemusikk frå dei britiske øyane. Tekstane har Tytingvåg også skrive med eitt unnatak. Eksistensielle spørsmål, kjærleikens vilkår, hylling til mora og kaffien og ein ramsalt kritikk av «Missionary Business» er tema ho er innom gjennom dei tolv låtane. Eg held likevel komponisten Tytingvåg høgare enn tekstforfattaren.
Herleg uanstrengt
Fire år saman i studio og på scenen har medverka til eit samspel som er herleg uanstrengt. Musikarane har stålkontroll på puls og dynamikk. Arrangementa er effektive og aldri overleste. Plata har fått kjærkomne bidrag frå Knut Reiersrud og Nils Økland. Spesielt sistnemnde leverer eit kor på «The Blue Lady» og ein intro på «The Queen Has Left The Building» som definitivt hevar innspelinga fleire hakk.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz / Blues /
Americana
RANDI TYTINGVÅG TRIO:
Roosts & Wings
Randi Tytingvåg, vokal; Dag S. Vagle, gitar, vokal; Erlend E. Aasland, banjo, tenorgitar, cavaquinho, piano. Gjester: Nils Økland, fele, hardingfele; Knut Reiersrud, lap steel, munnspel, resonator.KKV FXCD 442 2017
Randi Tytingvåg har strippa ned banda sine for kvar plateutgjeving sidan Red kom i 2009. Den faste trioen hennar har halde i hop sidan 2013, og dette er den andre utgjevinga deira. Three kom i 2015, og er på mange måtar svært ulik oppfølgjaren. Medan Three i stor grad inneheld coverlåtar, er Roots & Wings spekka med Tytingvåg-komposisjonar.
Eigne tekster
Låtane til Tytingvåg er i eit musikalsk landskap der ulike amerikanske populærmusikalske sjangrar dominerer, men ein finn òg påverknad frå folkemusikk frå dei britiske øyane. Tekstane har Tytingvåg også skrive med eitt unnatak. Eksistensielle spørsmål, kjærleikens vilkår, hylling til mora og kaffien og ein ramsalt kritikk av «Missionary Business» er tema ho er innom gjennom dei tolv låtane. Eg held likevel komponisten Tytingvåg høgare enn tekstforfattaren.
Herleg uanstrengt
Fire år saman i studio og på scenen har medverka til eit samspel som er herleg uanstrengt. Musikarane har stålkontroll på puls og dynamikk. Arrangementa er effektive og aldri overleste. Plata har fått kjærkomne bidrag frå Knut Reiersrud og Nils Økland. Spesielt sistnemnde leverer eit kor på «The Blue Lady» og ein intro på «The Queen Has Left The Building» som definitivt hevar innspelinga fleire hakk.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.