Musikk

Nedstemt, seigt og drivande

Stoner-rock-supergruppa er tilbake med første album sidan 90-åra.

Publisert

Sleep er blant dei mest kjende og beste doom-metall og stoner-rock-banda verdsaltet har å by på. The Sciences er det første albumet dei gir ut sidan klassikaren Dopesmoker/Jerusalem, som blei spelt inn i 1996 og har kome ut i ei rekke versjonar opp gjennom åra. I mellomtida har bandet gitt ut ein singel og stundom spelt live, medan bandmedlemmene elles har vore å høyre i banda Om og High On Fire.

Black Sabbath

The Sciences opnar med eit dissonerande instrumentalspor spekka med feedback og strengar som dirrar lik ein abstrakt coverversjon av Wagners Valkyrierittet, før noko som læt som ein kollasj av orgel og andre surklande piper, syg lyttaren inn i det drygt seks minutt lange andresporet. Her får vi høyre Sleep i kjend stil, med repeterande riff på djupt nedstemd bass og gitar, trommestikker som fell tungt på trommeskinn og dansar hektisk over cymbalar, messande, monoton vokal og bikubegitarsoloar. Dei neste spora, som varar mellom ti og femten minutt kvar, er av det desto seigare slaget, framførte i blytung, saktegåande, men likevel drivande stil. Eit av desse, ørkenkaravanemarsjen «Giza Butler», er oppkalla etter Geezer Butler, bassist i Black Sabbath, ei av Sleeps inspirasjonskjelder.

Ein inngangsport

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement