JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Monument over ein spelemann

Knut Hamre er ein lyrisk orientert fornyar av slåttespelet frå Hardanger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1923
20181116
1923
20181116

Folkemusikk

Knut
Hamre:

Slåttar frå Granvin

Heilo

Knut Hamre (f. 1952) er ein av våre høgst skatta hardingfelespelarar, både som tradisjonsforvaltar og svært omtykt lærar. Og han har ikkje vore redd for å samarbeida med ikkje-folkemusikarar.

På desse fire (!) CD-ane presenterer han utelukkande slåttar som har vore nytta i heimbygda Granvin, frå dei eldste me kjenner til, og til slutt: ein nykomponert springar av ein tidlegare elev, Alexander Røynstrand (f. 1990). Nokre har vore utgjevne på plate før, i ulike fasongar, men her er det berre solistisk spel, og systematikken i rekkefylgja – som for det meste er ordna etter slåttekjelder – gjev det heile preg av eit gedigent dokumentasjonsarbeid. Men samstundes er Hamre ein spelemann som set særpreg på sjølv dei enklaste slåttane. Hamre er kjend som det ein kan kalla – i mangel av eit betre ord – «kunstnarspelemann» (i motsetnad til «dansespelemann», til dømes). Likevel vert mange av slåttane framførte med ein sterk rytmisk energi.

Dei fysiske platene har fått plass bak permane i ei svært vakkert utført bok på 150 sider, der Benedicte Maurset har skrive fyldige kommentarar til musikken frå Granvin, og sambygdingen Ruth Lillegraven er representert med tre dikt som er inspirerte av folkemusikken og bygda.

Tidlegare har Hamre og Maurseth samarbeidd med plateprosjektet Rosa i botnen, der dei nytta dei aller eldste hardingfelene våre, mellom andre Jåstadfela frå 1651, og i 2014 gav dei ut samtaleboka Å vera ingenting. Denne gongen er det tale om eit dokumentasjonsprosjekt, men både boka og platene held ein kvalitet som gjer at langt fleire enn dei spesielt interesserte bør ha utbytte av å skaffa seg dette flotte monumentet over ein av våre fremste spelemenn.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis