Musikk
Monsterjazz for store og små
Eit nytt bass-tromme-tandem har meldt seg på.
Denne dobbel-CD-en blei spelt inn i Sofienberg kirke for vel to år sidan. Repertoaret er todelt. Den første plata prøver å gje eit inntrykk av korleis ensemblet opplever det å spela for ungar. Ho høyrest ut som ei konvensjonell studioplate med fokus på komposisjon og strukturerte forteljingar der improvisasjonen finn sin tilmålte plass.
Isglem/Isglemsen
Monsterjazz er opptak av det faktiske barnekonsertprogrammet med same namn. Karl Seglem har i mange år jobba med musikkformidling til born, først og fremst gjennom bandet Isglem/Isglemsen, og måten å tenkja på her er mykje den same. Strukturane er fastare både rytmisk og tonalt, men same filosofi ligg til grunn. Barnet og barnet i den vaksne skal konvergera.
Bass og trommer
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.