Musikk

Modulærsynth og buzukklimpring

Framifrå arabiskinspirert postindustrial med politiske over- og undertonar.

Publisert

Come to Canada You Will Like It, heitte det i tittelen til Project Pablos chill out-plate frå i sumar. Eg følgde rådet, og den første levande musikken eg sjå og høyre fekk der, var av det Montreal- og Beirut-soknande, eksperimentelle bandet Jerusalem In My Heart. Konserten markerte platesleppet til det tredje albumet deira, Daqa’iq Tudaiq.

Første del av plata læt – etter halvtanna minutt med ulande, lumsk synthstøy – til forveksling lik tradisjonell musikk frå Levanten. Ved nærare ettersyn viser dei første fire spora seg å vere JIMHs tolking av den kjende egyptiske songen «Ya Garat al Wadi», ein tittel som tyder noko slikt som «Kjære nabo i dalen». I denne versjonen, akkompagnert av 15 musikarar, er tittelen blitt skifta til ei av dei andre strofene i songen, «Wa Ta’atalat Lought Al Kalam»: «Talespråket har mista meining». Den frasen har nærast dystopiske undertonar i kontekst av vår tid. Ikkje minst konflikten i Midtausten, som den merksame lesaren kan hende har dedusert seg fram til at ulmar ikkje så langt i bakgrunnen her. Albumtittelen tyder da også noko i retning av «minutt/småting/bagatellar som er til bry/undertrykkjer/sjikanerer».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement