Musikk
Melodiar som kler tekstane
Balansen mellom tekstformidling og musikk er utsøkt.
Ola Bremnes har lenge vore ein sterk, syngande ambassadør for Petter Dass-tekstar – både dei som har vorte allemannseige og dei meir ukjende. Alt i 1984 laga han plata Mit Navn er Petter Dass som boer ved Verdens Ende, saman med søstera Kari. Den gongen hadde musikken eit barokkinspirert uttrykk. Men her er det annleis: Lydbiletet tar utgangspunkt i pop og rock av det snille og høflege slaget, men med såpass viltre element av improvisasjon og kantete detaljar at det held seg langt unna det glatte og overflatiske. Dessutan: Ragnhild Furebottens fele i møte med Bremnes’ tydelege tekstdeklamasjon tilfører musikken eit folkemusikalsk preg.
Utsøkt balanse
I det heile er balansen mellom ei sterk tekstformidling og eit musikalsk topplag som heile tida bidreg med spanande musikalske detaljar, utsøkt. Bassist Gjermund Silset, slagverkar Helge Nordbakken og organist Bjørn Andor Drage går inn i rolla som tradisjonelt og diskret komp, men om ein lyttar til kva dei spelar, kor som helst på plata, er det aldri keisamt eller rutineprega, sjølv om nettopp rutine er noko dei alle har meir av enn dei fleste. Furebotten er solid etablert som tradisjonell folkemusikar, men vert stadig betre som sjølvstendig bidragsytar i meir moderne konstellasjonar. Gitarist Tore Bruvoll har mange uttrykk, frå diskret akustisk visekomp til det meir ekspressive. Bluesinspirasjonen skin gjennom rett som det er, og særleg slide-spelet på elgitar er førsteklasses.
Gode melodiar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.