JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Mellom det vakre og det vonde

Arrangementa kan minna om minimalistisk kammermusikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1771
20171006
1771
20171006

FOLKEMUSIKK

Liv Ulvik:

Inn Vade

Liv Ulvik: song; Kristoffer Kompen: trombone; Ida Aubert Bang: harpe; Kristine Solberg: cello; Terje Engen: perkusjon. Atterklang

Mange kjenner Liv Ulvik frå trioen Eplemøya songlag, som framfører folkemusikkmateriale i sjølvlaga, fleirstemmige arrangement. Og også på Ulviks første soloplate er folkemusikken ein viktig inspirasjon, men det meste av musikken har ho komponert sjølv. Men, i motsetnad til mykje anna av den nye, folkemusikkbaserte musikken, er det svært få element av rock, jazz eller improvisasjon her. Ensemblet, som i tillegg til songstemma inneheld trombone, harpe, cello og perkusjon, spelar stringente arrangement som kan minna om minimalistisk kammermusikk.

Tekstane er – nett som musikken – Ulviks eigne, og det er tale om frie vers. Også dette er noko som fører heilskapsinntrykket bort frå visene/rockens strenge og ofte føreseielege metrikk. I staden vert teksten eit element som står i eit sjølvstendig forhold til dei musikalske elementa.

Musikken er tonal, og røysta er mjuk og velklingande. Dette er noko som ofte står i kontrast til dei mørkare djupnene i tekstane. Desse krinsar ofte rundt tilhøvet mellom eit forsiktig og sårbart «eg» og kjensla av noko som vil invadera, eller «inn vade», som det heiter i platetittelen. Av og til er den musikalske framføringa så finsleg at ein må lesa teksten i omslaget for å få tak i tekstlege blinkskot som dette: «Du la deg utenpå kroppen min som en hinne/ jeg skrelte deg av/ dro deg av som et pølseskinn/ jeg hadde vært føre var/ smurt meg inn med fete kremer/ så du ikke kunne feste deg.»

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikkvitar, musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis