Mellom det strenge og det frie
Ingebrigt Håker Flaten byr på fleire overraskingar på albumet Den signede dag.
Ingebrigt Håker Flaten.
Pressefoto
Folkemusikk/jazz
Ingebrigt Håker Flaten’s Village Songs:
Den signede dag
Ingebrigt Håker Flaten, bass; Gunnvor Fagerhaug Gustavsen, song; Andreas Bjørkås, fele; Daniel Dufour, trommer; Sterling Steffen, saksofon; Jonathan F. Horne, gitar; Bob Hoffnar, pedal steel; Joe McPhee, saksofon
Heilo/Grappa
«Religiøse folketonar» er eit utydeleg omgrep: oppfunne av nasjonalromantikarane, skriftfesta av folkemusikksamlarane, kanonisert gjennom koralbøkene og sidan popularisert gjennom møte med andre musikksjangrar, frå jazz til pop.
Folkemusikkrørsla har vore oppteken av å påpeika at fenomenet dreier seg om ein syngemåte meir enn særskilde melodiar (eller praksis meir enn objekt – for å tala meir akademisk). Samstundes har fleire av dei fremste nolevande utøvarane av denne delen av kulturarven vår, til dømes Sondre Bratland, Åsne Valland Nordli og Berit Opheim, markert seg som formidlarar gjennom samarbeid med musikarar med bakgrunn i klassisk, jazz og amerikansk tradisjonsmusikk – berre for å nemna dei mest utbreidde inspirasjonane.
Overraskande
Såleis skulle ein kunna tru at når ein norsk jazzbassist av internasjonalt format – jamvel busett i Austin i USA – vender attende til sin barndoms Oppdal for å laga plate basert på lokale salmemelodiar, vil det skje gjennom nostalgisk og pynteleg ærefrykt. Men her er det mange overraskingar:
Den første overraskinga er songaren Gunvor Fagerhaug Gustavsen, som – etter det eg kan sjå – platedebuterer her. Ho framfører melodiane på enkelt, men effektivt vis, utan kjenslevar posering, overdriven ornamentering eller andre forstyrrande verkemiddel som understrekar utøvaren meir enn teksten/melodien som skal formidlast.
Den andre overraskinga er at musikarane, med bakgrunn i frijazz og andre eksperimenterande uttrykk, frå veteranen Joe McPhee til kollegaar frå det hardtslåande bandet Young Mothers, har ei så fleksibel tilnærming til materialet: frå disiplinerte og velorganisert arrangement til meir ekstatiske og rytmisk lause utblåsingar.
Forfriskande
Den tredje overraskinga er at felespelaren Andreas Bjørkås, som er kombinert folkemusikar og klassisk fiolinist, går inn i denne konteksten på truverdig vis, for vanlegvis er det meir improviserande felespelarar som deltek i slike konstellasjonar. Men her tilfører Bjørkås ein fin balanse i uttrykket, mellom det tradisjonelle og det eksperimenterande.
Oppsummert: Det er forfriskande å høyra ei plate som nærmar seg fortidas tekstar, melodiar og framføringsmåtar på eit så usentimentalt vis – mellom det strenge og det frie.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.