Musikk
Melankolsk og melodisk
Sandberg satsar på det velprøvde, og sjølvsagt funkar det.
Ensemble er spelt inn med den same kvartetten Sandberg sette saman til debutplata Or Better still for fem år sidan. I tillegg er gitaristen Thomas T Dahl med på fire av sju spor. Sandberg har vore busett i Bergen sidan tusenårsskiftet, og han er definitivt ein av dei travlaste frilansmusikarane i byen. Lista over dei han har spelt med, er lang og ganske mangfaldig, men når det gjeld eigne band, er Sandberg stabiliteten sjølv. Dette er musikarar som med meir eller mindre jamne mellomrom har spelt saman i 15–20 år.
Rekstens samlingar
Komposisjonane er førte i pennen av Sandberg sjølv, og bandet har kollektivt utvikla arrangementa. Innspelinga er gjort i Rekstens samlingar på Fjøsanger. Det er verd å merkja seg for klaverklangen er framifrå, og lyden generelt er stroken. Musikken har ei sterk melankolsk melodisk åre, er rytmisk, men rører seg i medium- og balladetempo. Arrangementa er stort sett enkle og framhevar på effektivt vis temaa.
Høgt nivå
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.