Musikk
Melankolsk kvasi-metal
Deafheaven lagar musikalske svartmetallegeringar av varierande kvalitet.
Ordinary Corrupt Human Love er ikkje eit ordinært metal-album. Her er musikken melodiøs, oftast roleg, nærast tilgjengeleg – hadde det ikkje vore for vokalen: Dei fleste gutturale lydane her er av typen «screamo».
Førstesporet læt mest som glam rock, Ziggy Stardust og «Somewhere Over the Rainbow», men så kjem altså denne hylevokalen ut frå det blå og inn i lydbiletet. Denne kompositoriske miksturen verkar så desperat og uinspirert at ein kan undrast om dette bandet, som sleppte den høveleg vellukka plata Sunbather for eit halvt tiår sidan, har gått bort og blitt ein parodi på seg sjølv – Deafheaven vert kategorisert som den sentrale aktøren innan «blackgaze», ei samanstilling av sjangeromgrepa «black metal» og «shoegaze» (utsvevande, draumeaktig rock à la My Bloody Valentine og Slowdive).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.