Musikk

Meisterleg elektronika

Marie Davidson byr på mørk og mangslungen elektronisk musikk med humoristisk sans.

Publisert

Elektronika

Kanadiske Marie Davidson er kjend som den eine halvparten av den Montreal-ætta duoen Essaie Pas (fransk for «ikkje prøv»). Bandkameraten hennar, Pierre Guerineau, har bidrege til produksjonen på den fjerde soloplata hennar. Medan Essaie Pas lagar postpunkinspirert techno, er Working Class Woman spekka med referansar til elektronisk musikk frå 80- og 90-åra.

Dette er ei mangefasettert, men heilskapleg plate med mykje humor. I opningslåta, «Your Biggest Fan», får vi høyre lite flatterande etterapingar av nachspielhungrige hipstergroupiar i spoken word- og kviskreformat med eit filmatisk akkompagnement som kunne vore lydsporet til ein intens spionthriller. På «Work it» leverer Davidson ein intens motivasjonstale over eit ihuga elektrospor som læt som om det kjem rake vegen ut or 1982 – som om Afrika Bambaata var aerobicsinstruktør. «The Psychologist» er ein musikalsk terapitime med dramatiske synthlydar og schizofrent indre monologkor, medan «Lara» meisterleg leikar seg med musikalske flosklar frå psykedelisk trance-sjangeren. «Daydreaming» byd på flytande, fredsæle synthmelodiar à la new age-musikk frå tidlege 80-år, og etter kvart går turen vidare inn i 90-åra med singellåta «So Right».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement