Mangfaldig slåttespel
Plata kan gjerne nyttast som ei innføring i norsk slåttespel.
Folkemusikk
Britt Pernille Frøholm:
Nordfjord
Mere
Records
Nordfjord er eit område der den vanlege fiolinen har vore det viktigaste folkemusikkinstrumentet. Men i byrjinga av 1900-talet kom dessutan hardingfela på moten, med Alfred Maurstad og Jon Rosenlid som sentrale ambassadørar, og sidan har dei fleste felespelarane i området nytta begge feletypane. Rosenlid budde det meste av livet i Bergen, og var ein viktig inspirator for miljøet rundt Fjellbekken spelemannslag. Den fremste læresveinen hans var Finn Vabø (1931–2017), som lærte nordfjordspelet vidare til Britt Pernille Frøholm frå Hornindal.
Ho er ikkje den einaste kvinna frå Nordfjord som spelar fele. For rundt 150 år sidan var Lise Jyvall og Samuline Seljeset kjende som dyktige speledamer, i 1980-åra oppstod gruppa Honndalstausene, og i vår tid gjer dessutan Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad ein stor innsats for å halda musikken levande.
Frøholms spel er prega av ro og overskot anten ho spelar høgtidsame bruremarsjar, dansemusikk eller Gabriel Reeds virtuose bravurnummer «Fjelljom». Utvalet av slåttar syner at folkemusikken i Nordfjord har eit mangfaldig uttrykk. Her er musikk for sorg og glede, fest og ettertanke.
Plata kan gjerne nyttast som ei generell innføring i norsk slåttespel: Her kling begge feletypane, her er både bygdedans (særleg springar) og runddans (reinlender og vals), brureslåttar og nasjonalromantiske lydarslåttar. Men framfor alt: Spelet er framifrå og kan like gjerne nytast som sjølvstendig kunstverk.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Folkemusikk
Britt Pernille Frøholm:
Nordfjord
Mere
Records
Nordfjord er eit område der den vanlege fiolinen har vore det viktigaste folkemusikkinstrumentet. Men i byrjinga av 1900-talet kom dessutan hardingfela på moten, med Alfred Maurstad og Jon Rosenlid som sentrale ambassadørar, og sidan har dei fleste felespelarane i området nytta begge feletypane. Rosenlid budde det meste av livet i Bergen, og var ein viktig inspirator for miljøet rundt Fjellbekken spelemannslag. Den fremste læresveinen hans var Finn Vabø (1931–2017), som lærte nordfjordspelet vidare til Britt Pernille Frøholm frå Hornindal.
Ho er ikkje den einaste kvinna frå Nordfjord som spelar fele. For rundt 150 år sidan var Lise Jyvall og Samuline Seljeset kjende som dyktige speledamer, i 1980-åra oppstod gruppa Honndalstausene, og i vår tid gjer dessutan Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad ein stor innsats for å halda musikken levande.
Frøholms spel er prega av ro og overskot anten ho spelar høgtidsame bruremarsjar, dansemusikk eller Gabriel Reeds virtuose bravurnummer «Fjelljom». Utvalet av slåttar syner at folkemusikken i Nordfjord har eit mangfaldig uttrykk. Her er musikk for sorg og glede, fest og ettertanke.
Plata kan gjerne nyttast som ei generell innføring i norsk slåttespel: Her kling begge feletypane, her er både bygdedans (særleg springar) og runddans (reinlender og vals), brureslåttar og nasjonalromantiske lydarslåttar. Men framfor alt: Spelet er framifrå og kan like gjerne nytast som sjølvstendig kunstverk.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.